Plasten kjem frå ein stad

Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.TV-aksjonen 2020 har fokus på plast i havet og det er bra. Da må vi også stille oss spørsmålet kvifor det er behov for ein TV-aksjon for å rydde havet for plast.

Tenk over kor mykje plast du er innom kvar dag. Til dømes skal du på butikken og handle mat og da er stort sett alle matvarer pakka inn i plast. Både grønsaker og kjøtt og det kan vere fleire lag rundt kvar vare.

Da eg voks opp hadde vi poteter og grønsaker som vi dyrka sjølve og lagra i potetkjellaren. Da hadde vi til middag gjennom stort sett heile vinteren utan å pakke noko inn i plast. Vi slakta eller kjøpte slakt for å fylle opp frysaren til vinteren. Hermetiserte kjøttkaker var og er ei delikatesse og vi hadde da kjøttkaker for eit heilt år. Skinker vart lagt i salt og rull og sylte til jul vart laga. Resten av kjøtet vart pakka inn og lagt i frysaren. Det vart baka hardbrød og mjukbrød, eller lefse som mange seier, slik at det også var på plass for resten av året.

I dag er det ikkje mange som gjer det slik. Det heng nok saman med både tid og butilhøve. Likevel trur eg dette kan gjennomførast berre vi legg til rette for det. Det står skulekjøken ledige på ettermiddagar og helger. Kanskje dei kunne leigast ut til dei som kunne tenkje seg å ordne seg til vinteren?

I dag kjøper vi stort sett i butikken det vi skal ha dag for dag eller veke for veke. Derfor bør vi utfordre daglegvarekjedene på at dei skal selje grønsaker i laus vekt med papirposar tilgjengeleg. Det er jo ingen god grunn til å pakke dei inn i plast? Eg kjøper konsekvent i laus vekt så sant butikken har det og det trur eg det er fleire og fleire som gjer.

Så kjem du heim att og treng å lagre maten du har kjøpt. Da er det lett å ty til plastposar nok ein gong. Kva med å bruke boksar som du kan vaske og bruke opp att? Eg er ikkje flink nok til dette, men skal skjerpe meg.

Det meste av plasten som blir produsert blir brukt til emballasje. Det heng saman med ein overgang globalt frå gjenbrukbar emballasje til innpakning for eingongsbruk. Forskarar meiner at produksjonen av plast har auka med 8,5 % i året sidan 1950! På verdsbasis blir berre 9 % resirkulert, 12 % blir brent og resten havnar på dynga eller i havet. Vi i Norge kaster nå 101 kg plast i året pr. innbyggar og berre 25% av dette blir materialgjenvunne og teke i bruk på nytt.

Det er berre trist å sjå kor mykje plast og søppel som slenger rundt omkring, både i Norge og i resten av verda. Norge kan slå seg på brystet med gode returordningar og avfallssystem, men vi er samtidig av dei i verda som også har det høgste forbruket og som produserer mykje søppel og plast pr. innbyggar. Som med dei fleste utfordringar verda har, må den enkelte starte med seg sjølv. Mindre bruk av plast gjeld den enkelte forbrukar og alle produksjonar. Jo større forbruk vi har, til meir avfall blir det. Plasten kjem frå ein stad.

Aud Hove, fylkesvaraordførar Innlandet fylke (Sp)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken