Regionavis med rein reklame for grensehandel og utanlandsk kjøt

Av
DEL

lesarinnlegg

I desse tider, når GD kvar dag har ei sak om at arbeidsplassar, mange arbeidsplassar, blir borte i Gudbrandsdalen, lagar ei rein reklameannonse om kva du sparar mest på å handle på grensa, da sett eg fredagstacoen i vranga.

GD skal vera/har vore ei regionavis for Lillehammer og Gudbrandsdalen.
Veit ikkje kor mange store arrangement det har vore nord for Øyer dei siste åra der GD har glimra med sitt fråfall. Men når noko trist skjer, noko ein kan trykke med store svarte bokstavar, da er dei der. Fråflytting og lite framtidstru er «positivt» for GD verkar det som.

Kvifor kan ikkje GD hjelpe oss som har trua på, og i bestefall håpar på at det skal bu folk i Gudbrandsdalen framover og? Nei da, i staden lagar dei ei sak med kva dei som ikkje ser gleda i å bu her kan spare mest på ved å handle utanlandsk kjøt i Sverige.

Regionavisa som drøymer om ein mindre region, eller?


Borgny Sletten, Vinstra

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags