Saman for ei levande framtid

- Den yngre generasjonen har sagt kva de ynskjer av oss som politikarar. Høyrer vi etter? spør Kjell Brandsar.

- Den yngre generasjonen har sagt kva de ynskjer av oss som politikarar. Høyrer vi etter? spør Kjell Brandsar. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg
Den yngre generasjonen har sagt kva de ynskjer av oss som politikarar. Høyrer vi etter?

Det er store utfordringar vi står overfor når det gjeld klima, tap av naturmangfald og forureining. Alt vi gjer framover må ha ei forankring i dette.
Lom er ein kommune i Noreg, som er eit land i verda. Vi bur ikkje under ein kuppel, skjerma frå alt og alle i all framtid. Forskjellen er at vi ikkje har sett verknadane av klima- og miljøendringane i like stor grad som vi har sett i andre delar av verda, men bresmelting, flaum og tørke kjenner vi på.


Kjøtproduksjon er ikkje klimavenleg samanlikna med andre produksjonar av mat. Det må vi godta å høyre, men spørsmålet er kor ein skal produsere kjøt i verda? Kjøtproduksjon må vi ha, for grasareala er meir motstandsdyktige mot tørke, sjukdom, skadedyr og liknande enn grønsaksareal. Kva skjer om du har uår der? Å kompensere for tapte grønsaksavlingar er ikkje like enkelt som fôrkjøp i husdyrproduksjonen. Vi kan også produsere mat frå areal ein ikkje kan bruke til å dyrke grønsaker på; fjellbeite.

Vi veit også at det ikkje er like enkelt å få alle politikarar i verda med på å utnytte areala slik ein i teorien burde. Difor er det ikkje enkelt å gå inn for produksjon av berre plantekost.

Mindre snø og smelting av isbrear kan gje oss utfordringar ikkje berre i landbruket med vatn til beitedyr og vatnarvatn, men også for kraftproduksjon og skiturisme.

Ikkje noko av energiproduksjonen er fri for utslepp eller naturinngrep om ein tenkjer heile vegen frå produksjon, utbygging, vedlikehald og avfall. Ein må sjå heile livsløpet til eit produkt. Det er ein rekneskap som må ligge til grunn her.
Vi skryter mykje av kor høg prosent av den elektriske energien vi får av vasskraft i Noreg, men lite om all oljen vi produserer.


Lomslista vil arbeide for at vi får ungdom til å ta høgare utdanning, som kan arbeide med utfordringane vi står overfor. Difor er studiespesialisering i Lom viktig. Det er også særs viktig å halde elevar i den aldersgruppa i lokalområdet. Dei blir enda meir knytt til kommunane våre. Dei kan da ha ein enklare veg attende etter høgare utdanning kommunane kan ha nytte av, om vi legg til rette for det.
Satsinga på skog gjer at bygg- og anleggsteknikk i Lom kjem til å bli meir og meir viktig. Lomslista vil og at yrkesfag må bli styrka om vi skal kunne møte framtida godt rusta.


Eg er ikkje klimaforskar, eg må tru på dei som har det som arbeid. Skepsis til at forskarar er einige er for meg vanskeleg å forstå.
Å fylgje med på alt som skjer kring klimaendringane kan verke håplaust. Men forskarane har sagt at vi kan gjere noko med endringane dersom me endrar handlingsmønstra våre. Da må vi høyre på det. Det er også viktig for vår mentale helse å gjere noko. Menneske må ha noko å kjempe for, utforske og mestre. Da må vi stole på råda vi får, og arbeide for ei endring.

Kjell Brandsar, ordførarkandidat for Lomslista, Lom

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags