Senterpartiet - det store nei-partiet?

Av
DEL

lesarinnlegg
Eg ser og høyrer stadig vekk representantar frå andre politiske parti, både sentralt og i lokalpolitikken rundt om, hevde at Senterpartiet er imot alt og at Sp er det store nei-partiet.

Nyleg las eg gjennom heftet "100 gode grunner til å stemme Senterpartiet". Dette heftet tek på ein enkel og kortfatta måte for seg Senterpartiet sin politikk. Tre gonger fann eg ordet "nei". To av gongane var i samband med sentralisering. For det stemmer; Senterpartiet seier nei! Nei til sentraliseringa Høgre/Frp-regjeringa har forsøkt å gjennomføre på alle område!
Men utanom dette var det lite nei-haldning å finne. Derimot seier Senterpartiet ja til gode tenester nær folk, ja til etablering av statlege arbeidsplassar i heile Norge, ja til reelt nærpoliti, ja til auka opptak av karbon gjennom eit aktivt skogbruk, ja til auka norsk matproduksjon, ja til beredskapslagring av mat og såkorn, ja til auka lokalt folkestyre og sjølvråderett, ja til styrking av forsvaret, ja til betre vilkår for små og mellomstore bedrifter, ja til styrking av dei praktiske faga i skulen, ja til grøn og berekraftig nærings- og industriutvikling, ja til meir tilrettelagt arbeid og moglegheit til varig oppfølging i ordinært arbeid for personar med nedsett funksjonsevne, ja til auka skattefrådrag for pendlarar, og ja til ein offentleg og desentralisert sjukehusstruktur med både små og store sjukehus i heile Norge. Mellom mykje anna.

Eg kan sjølvsagt berre prate for meg sjølv, men eg slit nok litt med å finne den store negativiteten og dommedagsprofetien i dette.

Og for ordens skuld; det tredje og siste nei-et var som følgjer: "Nei til sal av Norge!"


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags