Si det nå, ikkje etter valet

Av
DEL

lesarinnleggMange politiske parti seier i sine kommunale valprogram ikkje noko om korleis dei stiller seg til kommunesamanslåing. Dette svekker grunnlaget for veljarane sine val. Ein viktig føresetnad for vårt demokratiske system er at dei som stiller til val fortel kva dei meiner, og kva for politikk dei vil føre. Regjeringa vil heller ikkje fortelja veljarane korleis den dei neste to åra vil prøve å presse fleire kommunar til slå seg saman.

La oss ta utgangspunkt i Hedmark og Oppland: Folkerøystingane i 2016 ga eit klart svar. Ingen kommunar ville slå seg saman, trass i regjeringa sine mange forsøk på å presse dei til å gjera det. Likevel har Regjeringa sagt at den etter kommunevalet på nytt vil gjera det den kan for å få slått saman fleire kommunar. Fylkesmannen i Innlandet, Knut Storberget, har følgd opp og sagt at det er heilt nødvendig at mange kommunar i Innlandet slår seg saman. Regjeringa kjem dei neste månadene til å legge eit sterkt press på kommunane, og har planane klare for det, men vil ikkje fortelja veljarane korleis dei vil gjera det. Dette er ei tilsløring av fakta som ikkje er ei regjering verdig. Sjølv om det er lokalval har også regjeringa eit ansvar for å opplyse veljarane, slik at dei kan gjera reelle val.

Dei politiske partia bør dei siste dagane av valkampen fortelja veljarane i sin kommune korleis dei stiller seg til ei endring av kommunestrukturen. Presset frå regjeringa var massivt i 2016, og mange politiske parti støtta opp om det. Men folket i Hedmark og Oppland ville ikkje bøye av. Presset blir ikkje mindre i neste runde.

Dei som ønskjer kommunesamanslåing må si det til veljarane nå, før valet. Det same gjeld for dei som er i mot. Alle veit at dette kjem til å bli eit viktig sak dei neste åra. For mange er dette eit viktig spørsmål, og avgjerande for val av parti. Det må dei få vite før valet. Ikkje etterpå.

Olav Røssum, Nord-Fron, nestleiar i Oppland Sp

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags