Skal det vere mogleg å halde fast ved rovviltforliket, ta det på alvor og sikre brei respekt og forståing, treng vi meir effektive verktøy

Effektivt: Når staten vedtek skadefelling, må staten og sjå bidra til at felling kan  gjennomførast.

Effektivt: Når staten vedtek skadefelling, må staten og sjå bidra til at felling kan gjennomførast.

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.30 beitedyr vart dokumentert drept av ulv i Vulufjellet i august. I all hovedsak over tregrensa i høgfjellet. Rundt 4 000 dyr var på beite i dette flotte og beiteprioriterte området da, og skadepotensialet var derfor svært stort.

Ulven vart observert 2 gonger i området, og jegerane hørte ulven om natta. Ein beint fram fortvila situasjon.

Området er av dei finaste eg veit i Rondane nasjonalpark, men også av dei mest utilgjengelege. Gåavstanden er minst 2 timar etter å ha parkert bilen, og uttak blir langt frå effektivt. Heldigvis kunne nasjonalparkforvaltninga gi lov til å kjøre ATV innover eit stykke.

På grunn av alt dette vart det søkt Miljødirektoratet om bruk av helikopter 11. august. Direktoratet sa nei. Etter oppmoding frå jegerane ringte vi MD sin beredskapstelefonen laurdag 15. august for å be om ny vurdering. Nytt nei 17. august. Klage gjekk til departementet via MD 18. august.

Med utgangspunkt i klaga ba eg om møte med Statsråden i KMD 18. august. Da var mannskap på plass i fjellet, tilgjengelege på bakken, og ulven var der. Vi er heldige som har jegerar som stiller opp, men vi må hugse at alle har jobb, og det er vanskeleg å få ut nok folk i veka.

25 deltakarar frå det interkommunale skadefellingslaget og jegerar frå Østerdalssida og 5 hundar deltok i skadefellingsforsøket. Alle fortener stor takk for innsatsen, som oppsummert handlar om 1620 registrerte timar, 8361 km, og ein totalkostnad på 470 000 kr. I tillegg kjem noko kostnad for kommunane og betydeleg kostnad til tidlegsanking.

Dyra si liding og frustrasjon og sinne hos dyreeigarane er vanskeleg å talfeste.

Ordførar i Ringebu, Arne Fossmo, og eg fekk møte departementet 8. september. Da var ulven var for lengst borte, men vi håper vi fekk gitt nye opplysingar som kan påverke det som må skje framover.

Vi forstår at det kan vere vanskeleg med helikopter på berrrmark, men ikkje i dette området, der det nesten ikke er ei buske. Helikopter er utvilsamt meir effektivt i kombinasjon med lokalkjente jegerar på post, enn berre jegerar og hund. Da må det prøvast ut.

Skal det vere mogleg å halde fast ved rovviltforliket, ta det på alvor og sikre brei respekt og forståing, treng vi meir effektive verktøy i denne type situasjonar og i denne type område.

Ole Tvete Muriteigen, ordførar i Sør-Fron

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags