Språk på hjernen

 SPRÅK: Sjølv om ein har klart å lage svært avanserte datamaskiner, er det per i dag framleis menneskehjernen som er best på språk. Hugs på det neste gong du er ueinig med stavekontrollen, skriv Jens Haugan, dosent i norsk, Høgskolen i Innlandet.

SPRÅK: Sjølv om ein har klart å lage svært avanserte datamaskiner, er det per i dag framleis menneskehjernen som er best på språk. Hugs på det neste gong du er ueinig med stavekontrollen, skriv Jens Haugan, dosent i norsk, Høgskolen i Innlandet. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg 
Forskingsdagane 2020
har fokus på hjernen. Vi som har valt å arbeide med språk, kan kanskje seiast å ha språk hjernen. «Å ha noko på hjernen» er ein såkalla metafor, det vil seie eit ord eller uttrykk som ein bruker i overført tyding. Sjølvsagt har ein ikkje språk hjernen. hjernen har ein eventuelt væske og hjernehinna og hovudskallen utanpå. Dei fleste av oss har derimot språk i hjernen.

John Locke førestilte seg på 1600-talet at hjernen i utgangspunktet var tom (tabula rasa) og dermed kunne fyllast med innhald gjennom ytre påverknader som sanseinntrykk og erfaringar. Dette synet blei vidareført i åtferdsstyrte (behavioristiske) tilnærmingar på starten av 1900-talet, der blant anna B.F. Skinner var oppteken av språkleg åtferd.

Etter kvart som hjerneforskinga utvikla seg, blei det derimot vanskelegare og vanskelegare å tru på at ein lærte språk berre gjennom ytre påverknader. I 1957 gjekk Noam Chomsky til åtak på Skinner sitt språksyn, og sidan då har språkforskinga gjort kvantesprang, som er ein annan kjend metafor. Med Chomsky fekk ein eit såkalla nativistisk syn på språk, der ein går ut ifrå at ein del av språket sit i hjernen frå fødselen av. Sjølv om ein ikkje har språk hjernen, har ein altså språk i hjernen.

Ein kan tru at småbarn lærer ord som «mamma» og «pappa» først fordi dei blir eksponerte for desse orda. Men dei blir også eksponerte for mange andre ord heilt frå fødselen av, men som dei lærer å uttale og bruke mykje seinare. «Mamma» og «pappa» er derimot lydkombinasjonar som er relativt lette å meistre for menneskebarn som har hatt lang øving i å sutte og smatte, dvs. bruke begge leppene aktivt.

Det som er enda meir spennande, er at barn kan lage ord eller setningar som ingen har laga før dei, det vil seie som ingen kan ha putta i hjernen på dei. Dette er mogleg fordi hjernen allereie frå fødselen av har evna til å lage språklege strukturar og reglar som kan brukast til å kommunisere med andre menneske.

Sjukdommar og skadar som rammar hjernen, gjev oss innblikk i at ulike delar av hjernen handterer ulike delar av språksystemet. Dessverre er det mange som får afasi, det vil seie språkvanskar etter skadar på hjernen. Nokre kan slite med å uttrykkje seg etter ein skade, og andre kan ha problem med å forstå. Legane Broca og Wernicke identifiserte allereie på 1800-talet ulike område i hjernen som har mest ansvar for produksjonen og forståinga av språk.

Tradisjonen etter Chomsky er også relevant for datakommunikasjon og utviklinga av kunstig intelligens. Men sjølv om ein har klart å lage svært avanserte datamaskiner, er det per i dag framleis menneskehjernen som er best på språk. Hugs på det neste gong du er ueinig med stavekontrollen.

Jens Haugan, dosent i norsk, Høgskolen i Innlandet

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags