Styrka union?

 EU si kriseløysing er ei historisk avtale på veg mot eit meir fasttømra fellesskap. Samarbeidet ulmar nok ein del under overflata, skriv Hans Sandviken.

EU si kriseløysing er ei historisk avtale på veg mot eit meir fasttømra fellesskap. Samarbeidet ulmar nok ein del under overflata, skriv Hans Sandviken. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
I ein artikkel 22.juli er Gunnar Tore Larsen inne på at EU si kriseløysing er ei historisk avtale på veg mot eit meir fasttømra fellesskap. Ut frå gitte føresetnader ved inngangen til koronakrisa, kan ein nok langt på veg seia det, men EU hadde og mykje å bevise, ikkje minst ut frå manglande forståing av Italias situasjon innleiingsvis. Ikkje desto mindre viste Merkel og Macron seg som nøkterne og saklege forhandlarar, som klarde å halde det som lett vart sett på som overspente utbrot frå enkelte andre, Nederlands Rutte eller Ungarns Orban, i sjakk. Orban for sin del lurer på kvifor Rutte legg han for hat.

Samarbeidet ulmar nok ein del under overflata. EU var vel fyrst og frems meint som eit prosjekt for liberale statar med folkestyre. Leiarane i dagens Ungarn og Polen blir lett sett på som det motsette, illiberale, bl.a. fordi rettsstaten er under sterkt press frå kravet om politisk overstyring av domstolane, ein noko bakstreversk likestillingspolitikk, og sterke reaksjonar overfor ulike avvikargrupper.

Verkelegheita blir gjerne sett frå brillene ein har på; om det er framtidsretta (progressivt) eller tilbakeskuande, kjem vel an på augene. Om ein vil vidare med EU, kan ein heller ikkje sjå gjennom fingrane med, eller vera blind for svakheiter, ikkje for å la mismotet overta, men for å få realistisk fortgang i sakene, noko som vel er Merkels styrke.
Tyskland har nok vore eit økonomisk lokomotiv i Europa, men og i enkelte samanhengar ein slags gratispassasjer. Ved å trekke vekslar på euroen, ein felles valuta, mot fortsatt å ha hatt marken, som lett kunne prisa Tyskland noko ut av marknaden, har landet lett kunne tilpasse seg. Hellas og Portugal, derimot, må justere seg opp på eit pris-og kostnadsnivå dei ikkje har føresetnader for. I tillegg har nok Tyskland ofte definert spelereglane i bankpolitikken i forhold til for eksempel Hellas.

Hans Sandviken, Vinstra

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags