Utfordring til Opplandstrafikk: Betre informasjon om kollektivtrafikken til fjells

Det går rutebuss, men når og til hvor? Hilde Sandvik etterlyser bedre ruteinformasjon.

Det går rutebuss, men når og til hvor? Hilde Sandvik etterlyser bedre ruteinformasjon. Foto:

Av
DEL

leserinnlegg
Sist veke på Gjendesheim: Ingen oppslag om rutetidene med lokalbussen til Vågå, men derimot solid om Valdresekspressen (Nor-Way bussekspress). I resepsjonen visste dei ingenting om bussen, men etter leiting mellom diverse brosjyrar fann betjeninga endeleg fram bussrutene frå Opplandstrafikk.

”Så bra at du tar bussen til fjells”, står det i denne fine ruta med god informasjon på norsk og engelsk, og med informativt kart som viser korleis kollektivrutene korresponderer rundt fjellheimen og til dei store byane. Opplagt at folk må få vite at det faktisk går buss til Vågå med korrespondanse vidare!

Mi utfordring til Opplandstrafikk er: Ikkje tru at En-Tur appen er nok. Ta dykk ein tur – med kollektivtrafikk – til Gjendesheim. Lær av Valdresekspressen: Sett opp ei klar rutetavle ved busshaldeplassen og ei laminert rute på disken inne.

Nå i august kjem storinnrykket av fjellvandrarar. Kanskje ser dei rutene og tek bussen i år. Kanskje får dei ein god idé og planlegg kollektivt for neste sommar.

Det grøne skiftet krev handling – også av fylket. Det trengst eit alternativ til privatbilismen. Ved Gjende er parkeringsplassen i år bygd ut for å ta imot 800 bilar. Kollektivtrafikken i turistfylket Oppland, med trivelege, trygge sjåførar og god korrespondanse, er eit ypparleg alternativ. Men i konkurranse med privatbilismen trengst informasjon – i alle former!


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags