Vesllie: Eg har tru på ei løysing til gagn for beitenæringa

Setrene i Vesllie som etter planen skal rivast. Dovre-ordføraren oppmodar beitenæringa til å søke om bruke seterhus som tilsynsbu.

Setrene i Vesllie som etter planen skal rivast. Dovre-ordføraren oppmodar beitenæringa til å søke om bruke seterhus som tilsynsbu. Foto:

Av
DEL

Lesarinnlegg20. april i 2018 vedtok Kongen i statsråd å utvide Dovrefjell – Sunndalsfjella nasjonalpark, opprette Hjerkinn landskapsvernområde og endre grensene for Fokstugu landskapsvernområde. Eit storstilt naturrestaureringsarbeid som storsamfunnet har bestemt seg for. I forkant av vernet har det vore arbeidd i ei årrekke, i kommunane og i samarbeid med fylkesmannen for å finne gode løysingar. Eit nitidig og ressurskrevende arbeid.

I GD 29.06.19 uttala prosjektleiar Pål Skovli Henriksen i Forsvarsbygg at han ser seg godt nøgd i dette arbeidet. Det skal "sikre unike naturverdier og gjenopprette tidligere vannveier og våtområde. Det er i tråd med nasjonale og internasjonale miljømålsettinger". Mellom anna fell sætera i Vesllie inn i dette området som betyr at sætera er bestemt rive.

Området med kveer i Vesllie og område rundt Svånålegeret er historisk godt og verdifullt beiteområde for husdyra våre. Dette er godt og rikt fjellbeite og viktig for primærnæringa vår.

I dei nye verneforskriftene er det omskrive nye tilsynsbuer. Her er altså ei moglegheit innanfor ny verneforskrift til å setja opp ei bu for tilsyn av beitedyr. Eg må innrømme at eg har store vanskar med å sjå at eit seterhus frå 1870 skal rivast for så at det skal byggjast ei ny bu. Same formålet som seterhuset fint kunne vore brukt til. Mange med meg reagerer med undring og stor skuffelse. Det er lite rasjonelt og medfører store unødige kostnader for samfunnet. Og er like uforståeleg som å rive bruer for å setja opp nye som er eit anna prosjekt i arbeidet.

Eg vil oppmode dei med beiterett /fjellstyret om snarast råd om å søke Nasjonalparkstyret om bruk av seterhuset i Vesllie til tilsynsbu. Nasjonalparkstyret har heile tida stilt seg positiv til at seterhuset i Vesllie skal kunne nyttast. Leiar for Nasjonalparkstyret seier seg positiv til dette. Eg har tru på ei løysing til gagn for oss og beitenæringa.

Eg registrerer at ordføraren i Lesja uttala seg støttande til saka i GD 29.06.19, og det set eg pris på. Eg deler ikkje synet på at det er ei sak for fylkesmannen, men tenkjer det ei klar sak for Nasjonslparkstyret.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags