Vi er avhengige av beredskapen vår heile døgnet, alle dagar i året!

Av
DEL

lesarinnlegg
Sjukehuset innlandet sparer, dei sparer senger, dei sparer beredskap og dei sparer på tilboda ute i distrikta. Under påskott om "betre" tenester for brukarane. Eg fattar ikkje korleis det er betre for oss brukarar her i distriktet at psykiatrisk døgneining vert nedlagd, eg fattar ikkje at det er betre for oss brukarar at ei ambulanse blir einmanns betjent eller teke ut av drift på dagtid, og eg fattar heller ikkje kvifor LMS står der med eit enormt potensial for oss som bur rundt - men det finnast ikkje pengar til å drifte det?!

Eg har ikkje problem med å fatte av vi er færre i distriktet, men vi er likevel avhengig av helsetilbod - unge som gamle! Og enda meir avhengig av tenestene er vi nettopp fordi avstandane er som dei er.

Dei tilsetje gjer så godt dei kan, og sikrar gode tilbod utifrå dei føresetnader dei får. Men kor lenge skal vi ta for gitt at dei tilsette maktar sikre trygge og gode omsorgstilbod av stadig knappare ressursar?

Når eg treng ambulanse, veit eg at dei som jobbar der er fantastisk dyktige folk. Men det hjelper lite når ein bil blir teke ut av drift og tilbodet redusert. Fordi statistikk tilseier lite køyregrunnlag, og der kan pengar sparast. Vi er avhengig av beredskapen vår heile døgnet, alle dagar i året!

Det hjelp lite å ha fact team når eg vert psykisk sjuk og hadde trengt eit opphald på institusjon. Men eg må heilt til Reinsvoll, langt frå heime og mine eigne. Og når eg er for "frisk" til å væra der og andre treng plassen meir, så må eg heim til familien - som vert påverka av min sjukdom. Det vert ingen mellomting. Det vert ikkje den avlastninga eller pusterommet nokre kan trenge. Da kan eg evt få ei seng på LMS, utan pleiara med spesialkompetanse og kan hende vegg i vegg med kreft pasient. Er dette noko for alle aktuelle brukarar?

Pengar styrer som kjend alt. Når SI ikkje har nok pengar til å kunne halde oppe tilboda sine for vår tryggleik, er det tide at regjeringa endrar kurs. Det bur faktisk folk i distrikta og! Så neste gong helseministeren er ute med pennen burde han tatt ein tur hit og sett kva konsekvensar avgjerder på Stortinget faktisk har å seie for oss som treng tenestene. Og kan hende bør SI snart seie tydeleg ifrå at det kan ikkje sparas meir, så får helseministeren bestemme kva som skal sparas og sjølv ta ansvaret for dei konsekvensane.

Eg har vore for eit stor-sjukehus på Moelv både frå eit akuttmedisinsk perspektiv med alle tenester på ein plass, men også for den positive effekten det kunne ha for LMS og desentralisering av tenester hit. Men no byrjar eg lure på kva som eigentleg vert att av tilboda som vert i det nye sjukehuset også!

Astrid Skomakerstuen Ruste, ordførar (Ap), Dovre Kommune

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags