Vi over 80 føler oss stundom meir i slekt med dei som levde for tusen år sidan enn med dei som er unge i dag

- Vi over åtti føler oss stundom meir i slekt med dei som levde for tusen år sidan enn med dei som er unge i dag, skriv Ole Bjerke.

- Vi over åtti føler oss stundom meir i slekt med dei som levde for tusen år sidan enn med dei som er unge i dag, skriv Ole Bjerke. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I eit radioforedrag sa ein lege at dei over 80 år tilhøyrar gruppa oldingar. Ein gong var det berre oldingar med i eit fjernsynsprogram. Alle som stod fram, var blide, opplagde og ved god helse. Fleire av dei sa at det var fyrst nå at dei hadde tatt til å glede seg over livet. Da eg høyrde det, tenkte eg at det måtte vera trist å vera så seint utvikla at ein ikkje følte lykke før etter fylte åtti.

Vi må nok innrømme at vi nærmar oss slutten av livet. Vi tapar oss fysisk og i tanke og ånd. Kanskje lever vi for lenge nå. Gjennomsnittleg levealder har auka overraskande mykje mens vi har vore her på jorda. Fyrst på nitten trettitalet levde norske menn i gjennomsnitt i berre 63,8 år og kvinner 66,6 år. Forventa levealder ved fødsel for gutar i 2019 var 81,2 år og for jenter 84,7 år. I 2019 var kvinnene som døde i gjennomsnitt 82,2 år, mens mennene vart berre 76,5 år. Desse opplysingane er frå Statistisk sentralbyrå.

Det er ikkje berre levealderen som har endra seg. Sjølve livet har nok endra seg enda meir. Før var det slik at besteforeldre hadde eit og anna å lære bort til barnebarn. I dag må barnebarna lære opp besteforeldra. Det som da fyrst og fremst slår oss, er at vi tilhøyrar ein lite lærenæm generasjon.

Eldste barnebarnet mitt, som var russ i år, er flink som lærar. Sist eg trefte ho, fann ho fort ut at eg hadde gløymt noko som ho hadde lært meg for kort tid sidan. Heile prosessen innebar berre tre tastetrykk. Nå bestemte ho seg for å ta det skikkeleg grundig. Ho bad meg gjenta prosedyren ti gonger. Etter eg var ferdig, spurde ho: Syntest du det var kjedeleg? Nei, sa eg. Det var dumt svart, for da sa ho: Da må du gjenta det ti gonger til.

Vi over åtti føler oss stundom meir i slekt med dei som levde for tusen år sidan enn med dei som er unge i dag. Dei unge har fått den viktigaste delen av hjernen sin i ein dings utanom sin eigen kropp. Det er ikkje underleg at slike vesen fortonar seg framande for oss.

For ei tid sidan snakka eg med ei kvinne på 92 år. Vi var båe einige om at utviklinga var tragisk. Så tenkte den gamle kvinna seg om og sa: Kanskje det er vi som er tragiske. Den kloke kommentaren gav grunn for ein langvarig ettertanke.

Livet har heldigvis mange sjarmerande kontrastar. Det finn vi også blant ungdommen. På ei reise med toget frå Lillehammer til Oslo, før koronapandemien, sette ei ung jente seg ved sida av meg på Hamar. Eg såg med ein gong at eg likte jenta. Derfor var eg raskt ute og tok til å tala til henne før ho fekk tatt fram mobilen. Vi fekk ei interessant og fin samtale på turen sørover.

Ole Bjerke, Lillehammer

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags