Visit Jotunheimen ynskjer landsline for fjellfriluftsliv velkomen

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Administrasjonen og styret i Visit Jotunheimen AS ser med glede på planane om landsline for fjellfriluftsliv ved den vidaregåande skulen i Nord- Gudbrandsdalen.

Naturen er vår største attraksjon og Jotunheimen er sjølve «bautaen» i reiselivsproduktet vårt. Saman med eit breitt spekter av aktivitetar, gode matopplevingar og ein tradisjonsrik kultur, utgjer dette eit heilskapleg reiselivsprodukt av høg kvalitet.

Interessa for friluftsliv og naturbasert reiseliv har vore i kraftig vekst dei siste åra. Med ein stadig aukande turisttrafikk aukar også forventningane til Lom og Jotunheimen som reiselivsdestinasjon. «Alle» vil til fjells, og gjestane som besøkjer oss ynskjer eit variert aktivitets- og opplevingstilbod knytt til naturen; alt ifrå krevjande turar på bre og høgfjell til enklare nærturar, sykling, riding, jakt og fiske.

Med koronapandemien som framleis heng over oss, kan vi truleg rekne med at vi får fleire besøkande til Lom og Jotunheimen utanom det som tradisjonelt har vore høgsesong. Då blir det desto viktigare å sikre eit godt tilbod til dei som vel å kome hit.

Fleire av reiselivsbedriftene våre har utfordringar med å få tak i nok arbeidskraft. Vi har behov for kvalifiserte arbeidstakarar som kan vegleie turistane til høge toppar, over brear og elver – og ikkje minst formidle kunnskap om naturen rundt oss. Guidar og fjellførarar bidreg til å informere om og auke forståinga av naturen vi ferdast i. Dei visar bokstaveleg talt veg for korleis vi skal oppføre oss i fjellet. Vi opplev at turistane set pris på dette, både erfarne og «nye» fjellfolk.

Stadig fleire av turistane som kjem til Lom og Jotunheimen har lite eller inga erfaring innan tur- og friluftsliv, og mange kjem til oss for å gå sin fyrste fjelltur. Samstundes har vi dei siste åra sett ei auke i talet på redningsaksjonar til fjells. Vi har eit veksande behov for personell som har kompetanse til å rettleie, førebygge og om naudsynt, vere medverkande til å løyse desse hendingane. Ei landslinje for fjellfriluftsliv kan bidra til å styrke kapasiteten knytt til utføring og førebygging av redningsoppdrag.

Mange institusjonar og ressursar knytt til bruk av fjellet er lokalisert i Lom, som Norsk fjellsenter, nasjonalparkforvaltarar, fjellstyre, fjellredningsgruppe, Røde Kors, Steinsenteret – og no seinast eit forprosjekt for Nasjonalt senter for fjellredning – for å nemne nokon. Kombinert med dei naturgjevne føresetnadane ligg forholda svært godt til rette for ei grundig og godt oppbygd fagkompetanse innan fjellfriluftsliv.

Vi er mange bedrifter som med glede vil tilby fjellfriluftsliv-elevane moglegheit til å praktisere ferdigheiter og kunnskap om fjellet – Vi garanterer elevane praksisplass blant Noregs høgaste fjell, samt moglegheit til å vere med på å heve kvaliteten på reiselivsproduktet vårt ytterlegare.

Visit Jotunheimen ynskjer ei landsline for fjellfriluftsliv velkomen og ser på dette som eit tiltak som vil skape særs positive verknadar i lokalsamfunnet. Landslinja vil vere eit løft for reiselivet, samstundes som det kan vere med på å løyse eit aukande behov for arbeidskraft.

Reiselivet treng dei unge og lovande – dei er den viktigaste kapitalen bygdene har!

Birgit Løyland, fjellseljar i Visit Jotunheimen
Anne Wangen, styremedlem i Visit Jotunheimen og dagleg leiar på Juvasshytta

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags