I eit leserinnlegg i avisa GD er representantane frå Høgre, Kari Anne Jønnes og Oddvar Møllerløkken opptatt av at Norge ikkje har ein nasjonal hyttepolitikk. Dei meiner at det er i alle si interesse, ikkje minst for hyttefolket og distrikta, at dette kjem på plass. Deltidsinnbyggaren må i større grad reknast med i samfunnsplanlegginga, slik at blant anna helse og beredskap blir rett dimensjonert, skriv Jønnes/Møllerløkken.

Åtte år med reformkaos frå regjeringa Solberg har sett spor. Gong på gong har vi fått demonstrert at responstida til politiet ikkje er god nok. Gong på gong har vi fått demonstrert at svelteforinga til kommunane gjer at dei ikkje får løyst oppgåvene dei skal innanfor helse og omsorg. Dette råkar sjølvsagt både deltidsinnbyggarar og heiltidsinnbyggarar. For Senterpartiet er det ei klar forutsetning at kommunar og nødetatar har økonomiske ressursar til å løyse lovpålagte tenester i heile landet. Regjeringa pratar også på inn- og utpust om handlefridom, men for kommunane har det kome bemanningsnormar og andre vedtak som i staden gjer handlingsrommet mindre. For Senterpartiet er det og ei sjølvfølge med god beredskap og gode tenester i heile landet, uavhengig av om det er i byar eller distrikt med eller utan fritidsbustader. Det handlar om politisk prioritering og politisk vilje til å legge til rette for satsing, også i distrikta.

Hytteutbygging har utan tvil tilført enkelte distriktskommunar både inntekter og sysselsetting i positiv forstand. Det er likevel ikkje slik at hytteutbygging utan vidare er distrikta sitt svar på oljeeventyret. For mange hyttekommunar er eigedomsskattelegging av fritidsbustader nødvendig for å få økonomien til å gå rundt. Regjeringa Solberg har redusert kommunenes moglegheit til eigedomsskattelegging, samstundes som dei ønskjer ytterlegare reduksjon. Tilrettelegging for hytteutbygging er ikkje rein netto for kommunane slik Høgre ønskjer å gje inntrykk av. Hadde Høgre verkeleg vore opptatt av at kommunane skulle ha god økonomi burde dei synt fram det gjennom handling. Gjennom åtte år i regjering har dei i staden redusert det kommunale handlingsrommet for å tvinge fram kommunesamanslåingar. Det blir ikkje robuste kommunale tenester og lokal sjølvråderett av slik.

Jønnes/Møllerløkken og Høgre kan vera trygge på at Senterpartiet vil prioritere hardt for å sikre gode kommunale tenester. Det må bli slutt på at lokalpolitikarar og kommunalt tilsette skal stå i ein kvardag fylt med barnehage- og skulenedlegging og kutt i eldreomsorga. Dette handlar om langt meir enn behovet til deltidsinnbyggarar. Kommunane må sikrast ein sterk økonomi som står i forhold til dei mange og viktige oppgåvene dei skal løyse.

Asbjørn Stensrud, listekandidat Stortingsvalget (Sp), Lillehammer