Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I gras og beitelandet Norge er det snart umogeleg å drive med den eldgamle tradisjonen, å sleppe dyr på utmarksbeite.
Det er fleire forhold som gjer dette umogeleg Utmarksbeite var og er sjølve grunnlaget for å ha storfe, sau og hest på. I fjellbygdene men og i låglandet. Men i pressområda har beitedyra tapt for lenge sida. Det er erstatta med innmarksbeite.
Sentralisering og effektivisering i landbruket, spesielt på mjølkekua, er med å legge ned både seterdrift og utmarks- beiting. Da hjelper det lite å få seterkulturen på Unescos verdensarvliste.
Hyttebyggingspolitikken er den aller største trusselen i forhold til å kunne nytte det fantastiske beite i fjellbygdene over heile landet. Enorme verdiar blir i utmarka hausta på ein berekraftig måte. Ingen diesel og ikkje kunstgjødsel. Berre gjenbruk av ein evigvarande ressurs, om naturen får ligge der i fred. Dessverre skal hyttene plasserast i dei beste beiteområda, i dei mest solfylte hellingane mot fjellet.
Utbyggingsprofitørane får med god hjelp frå dyre konsulentbyrå denne raseringa til å bli ei solskinshistorie. Som sjølvsagt alle vil tene store pengar på. At vår tids oligarkar stappar lommene fulle av pengar før dei drar til neste område utan å legge til rette for ein sameksistens for dei som blir att der, det er det ingen som bryr seg om. Hyttetomta seljast utan at det informeres om at det er heftelser på tomta. Er det verkeleg lov? Det er i alle fall tvilsamt.
Kommunebyråkratane har lett for å følge dei med mest pengar, og det er ikkje beitebrukerne. Og når ikkje politikarane i den enkelte kommune makter eller tør å stå opp mot byråkratiet og pengemakt blir det slik. Her sviktar også Statsforvalteren.
Om Statsforvalteren vil, er det fult mogeleg å krevje mykje meir og betre konsekvensutgreiing på kva slags problem hyttebygginga har på beitebruken og ikkje minst beitedyra som lir kvar dag. Også sekretariatet for Utmarkskommunenes samanslåing (USS) der dei fleste fjellkommunane er medlem jobbar febrilsk i eit forsøk på å svekke beiteretten. Til fordel for hyttebygging sjølvsagt.
USS hadde i sommar ute på høyring eit forslag som blant anna skulle definere om LNF område (landbruk-næring-friluft) til grøntdrag og frisoner. Til fordel for beitenæringa? Neppe.
Skal Norge ha beredskap på mat til å fø folket på lokale ressursar må utmarka brukast til beite. Forsvaret er og totalt avhengig av landbruk og at det bur folk i utkantane.
Ole-Petter Berget, leder Utmakrsutvalget i Norsk Bonde og Småbrukerlag