Etter krigen vart landet vårt bygd opp på demokratiske prinsipp med eigne planar for å byggje opp både hus og næring for å kunne ta heile landet i bruk. Med verdiar som like tenester og arbeid til alle. Dei siste åra har vi vore servert informasjon om kor små vi er. Landet, regionane og kommunane. Ingenting er stort nok, vi er berre små, så små at vi ikkje eingong skal ta hand om våre eigne naturressursar, dei må vi sende til større land i berekraftenes namn.

Det siste tiåret har vi sett ei sentralisering utan sidestykke i norsk historie; regionar, kommunar, beredskap, tenester og forvaltningsnivå. Det er sjølvsagt med tanke på effektivisering, og for mange er dette innovasjon. Det har ikkje vore økonomisk vinning korkje i regionreforma eller i tenester vi har sentralisert dei siste åra. Spesialisering har vorte mantra, og tverrfaglegheit berre noko som høyrer teorien til.

Samfunnet har heile tida vore i endring. Det ligg i menneska sin natur å arbeide for noko betre, skape og rasjonalisere. Dei fleste av oss har lært at historia har mykje å fortelja oss. Reaksjonar og rørsler i samfunnet går i ring, makt og motmakt som eit resultat av dette. Frå å vera eit nøkternt, arbeidsamt folk, har vi i Norge utvikla oss til å bli reine forbrukarar som forbrukar meir enn samfunnet og naturen kan bera.

Pandemien har vist oss kva vi manglar av ressursar, arbeidsfolk, beredskap og sjukehussenger. Pandemien har vist oss kor sårbare vi er, men den har òg vist fram at norske kommunar leverer i heile Norge, uansett storleik. Norske kommunar leverer på beredskap og tenester. Rundt om i Norge, i by og land blir det levert stor verdiskaping i form av landbruk, transport, industri og teknologi. Vi ser at helse og landbruk og all anna næring ikkje kan drive vidare på dugnad, arbeidsfolket må få betalt. Dette heng på politisk vilje.

Pandemien har i stor grad vist oss at vi fjerna oss frå dei verdiane som landet vart bygd opp att etter. Vi har fått eit enormt byråkrati som forvaltar prosjekt og prosjektmidlar som vi må halde oss innanfor dersom vi skal kunne ta del i dei. Er det byråkratiet eller politikken som skal styre samfunnet? Det er eit verdispørsmål. Korleis vi innrettar regionane våre er òg eit verdispørsmål.

Eg var for kommunesamanslåing, men meinte det var viktig å ta på alvor folkerøystinga. Det er eit demokratisk viktig prinsipp for mange av oss. Etter avgjerda, har vi i kvart einaste møte med Statsforvaltaren (unnateke beredskap og pandemimøte) vore minna på regionreforma og demografiutfordringar. Rammevilkåra for kommunane har vore sett deretter. Det har vore omkamp på omkamp. Og på dei fleste spørsmål har svaret vore å slå seg saman, bli større, få tenestene meir sentralt. Sist møte med Statsforvaltaren var han tydeleg på at det var ny regjering med ny retning, men for all del, om vi skulle ønskje å slå oss saman så er det hjelp å få hjå Statsforvaltaren.

Refrenget tek altså ingen ende. Den stadige omkampen vitnar om lite respekt for demokratiske løysingar. Og når til og med politikarar skryt av kor mykje politikken er redusert i Innlandet, da blir eg skremt.

Med større regionar blir det færre politikarar, og dei som blir att får større geografiske område å sette seg inn i. For Innlandet sin del er vel dette godt dokumentert ved at Innlandet er for stort til å vera ein valkrins ved Stortingsvalet. For mange i dette vesle, men langstrakte landet er det viktig med arbeidsplassar, verdiskaping og tenester der ein bur. Men ein av dei største verdiane våre er demokratiet! Bruk stemmeretten din og krev respekt for resultatet!

Edel Kveen, ordførar (Sp) i Skjåk