«Der folk bur» er SP sitt slagord. Det gjeld tydeligvis i resten av Norge mens i Dovre går sentraliseringa for fullt

Framtida til Dovre skule blir truleg avgjort i oktober, av det sittande kommunestyret. Spørsmålet er likevel framtredande i valkampen.

Framtida til Dovre skule blir truleg avgjort i oktober, av det sittande kommunestyret. Spørsmålet er likevel framtredande i valkampen. Foto:

Av
DEL

leserinnlegg

Ordfører Garmo går ut mot Dovrelista. Ho peiker på harde økonomiske realiteter, at både eige/leige og sal av eigendommer er vurdert. Det gjev ikkje penger i kassa av å vurdere ting. Det må handlast. Garmo tek opp att tråden som stortingsmann Fasteraune har brukt på Facebook. Dovrelista stilte seg utanfor ved ikkje å delta i Oppvekst Kultur og Omsorgsutvalet si arbeidsgruppe. Ei gruppe oppnemnd utan mandat. Synest SP at det er så feil av Dovrelista å gje sin plass til AP som er det største opposisjonspartiet i Dovre?

Med sitt fleirtal bestemte SP ein felles plass til mindretalet. Dovrelista er godt nøgd med det arbeidet AP representant Stende Simonsen har gjort i denne gruppa og Dovrelista bygger vårt forslag til vedtak på hennar argumentrekke som kom etter folkemøta og høyringa var slutt. Stende Simonsen har evna å lytte til folkemeininga i heile bygda og teke viktige element fra prosessen inn i sitt utkast. Eit politisk og demokratisk godt arbeid ho fortener ros for.

Ordfører Garmo lover at det skal bli gode transport- og SFO tilbod. Er desse tilboda så gode og varige, burde dei vore kjent før alle bestemte seg. Eller er det så at det er SP sin ordførerkandidat som har fått viljen sin i denne saka? Ho har vore særs tydeleg på at Dovre Skule må leggjast ned for å sikre Dovremodellen på Dombås.

Tidligare har ordfører Garmo halde fram små skuler og ikkje minst fådelte skuler som positivt. Nå blir desse verdiene gjeve på båten for å spare 2,5 millioner. Same sum vi kan spare med å jobbe fram ei felles ledergruppe i Lesja og Dovre etter modell fra Røyken og Hurum kommuner med 35000 innbyggere. Da vil Dovre oppnå store synergier i resten av kommuneorganisajonen. Vi har ein industrihall som ikkje gjev positive tall og som SP ikkje vil selge. Bygslingsavgifter er ikkje regulert på årevis mm.

Ordføraren skriv om folk sin kvardag. Dei som bur på Dovreskogen og jobber på Otta ser det ikkje som enkelt å måtte kjøre 25 km nordover med ungane på SFO før dei køyrer 4 til 5 mil sørover på jobb. SFO må få utvida åpningstider og ungane får ein arbeidsdag som Arbeidstilsynet neppe hadde godkjent for oss vaksne.

Så er det alle andre moment inne i denne saka. Etterbruk av skulebyggninga har SP vore spurt om mange gonger utan å kunne gje svar. Kor vil nedlegging påvirke butikken, kafeen, barnehagen og etterkvart privat næringsliv? Etter siste valg la Dovre SP ned bibliotektet på Dovre mot Dovrelista sine stemmer. I 2016 lovte Fasteraune at Dovreskulen skulle bestå berre eigendomskatten vart innført. «Der folk bur» er SP sitt slagord. Det gjeld tydeligvis i resten av Norge mens i Dovre går sentraliseringa for fullt.

Guri Ruste, Dovrelista


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags