↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon


456 04 608

Besøksadresse

Hundorpgeilen 12
2647 SØR-FRON
  1. Beskrivelse

Gudbrandsdalsmusea gjer historie levande gjennom utstillingar, arkiv og besøkssentre frå Ringebu og nordover i Gudbrandsdalen. Vi tek vare på hus, tradisjonar, reiskap, instrument, bilete, brev, musikk og anna verdifullt frå tidlegare tidar, og vi har også eit auga på samtid og framtid i Gudbrandsdalen.

I Lesja, Lom og Vågå kan du besøke friluftsmusea våre, med tømmerhus og inventar frå 1600-, 1700- og 1800-talet. Ved desse musea er det ulike aktivitar heile året, men sommaren er hovudsesong.

Vi har privatarkiv (Opplandsarkivet) for våre 9 ansvarskommunar, med avdelingar på Ringebu, Dombås, Vågå og Skjåk. Her kan du finne skattar i gamle dokument eller fotografi, eller finne ut meir om levd liv i Gudbrandsdalen. Har du spørsmål om privatarkiv frå Øyer, Gausdal og Lillehammer, ta kontakt med Opplandsarkivet avd. Lillehammer Museum.

Ein solid dokumentasjon på den rike folkemusikkarven i dalføret finn du i folkemusikkarkiva i Vågå og i Ringebu. Arkivarane er dyktige til å finne fram i arkiva og står klar til å hjelpe deg.

Er du interessert i krigshistorie kan du dra til Gudbrandsdal krigsminnesamling på Kvam. Her kan du òg få omvising, eller besøke krigsminnemerket over falne døler like utanfor. Otta Bergverkssenter er lokalisert saman med bibilioteket, og her kan du lære om bergverk, naturstein og korleis dette har vore med og forma bygdene her.

Ved Norsk fjellsenter i Lom finn du Norsk fjellmuseum, der utstillinga «Bergtatt» syner fram menneska si bruk av fjellet i all tid. Og det gjer den så bra at Fjellmuseet var nominert som «Årets museum» etter opninga i 2018. På Hundorp finn du pilegrimssenter Dale-Gudbrand og Oppland fylkes tusenårstad. Vi har ansvar for pilegrimsleden frå Vingrom/Brøttum til Nord-Sel. Her kan du òg overnatte, besøke gardsbutikken eller sjå ulike utstillingar. På Ringebu og i Lom kan du vitje stavkyrkjeutstillingane og lære meir om den rike stavkyrkjehistoria i landet.

Museet har tilsett bygningsvernrådgjevar som bistå eigarar av freda og verneverdige hus, offentlege instansar og andre interesserte.