Etter at koronaen øydela for Norway Cup både i 2020 og 2021 er det endeleg klart for fotballfest på Ekebergsletta i Oslo.
Mange lokale lag er med også i år, og GD skal sende sju kampar med lokale lag frå gruppespelet, i tillegg til kampar frå sluttspelet.
GDs sommarvikar Magnus Hopland Ødegård skal kommentere mange av dei lokale kampane i turneringa.
– Det blir spanande å få sjå, og vere med på, korleis ein jobbar med ei så stor turnering. Eg ser fram til å sjå nye lag og spelarar eg ikkje har sett før, og kanskje bli kjent med andre fotballinteresserte som er der for å dekkje Norway Cup.
– Kva blir største utfordringa?
– Det blir nok å kommentere lag og spelarar eg ikkje har kjennskap til frå før, men eg ser også fram til å bli kjent med nye talent og lag.
Desse kampane frå gruppespelet med lokale lag blir sendt på gd.no:
Søndag 31.7.
09.00: G15/16 7er: Sund sportsklubb – Lesja IL Lesja/Lesjaskog/Dombås 1
16.50: J17 11er: Fron Fotball 2010 – Canaan Football Team
Måndag 1.8.
12.10: J17 11er: IL Sverre – Fron Fotball 2010
19.00: G16 11er: Bremnes IL 2 – Otta/Heidal
Tysdag 2.8.
09.55: G16 11er: Stranda IL – Vågå IL
14.00: G16 11er: Follebu/Gausdal – Ready
17.45: Lesja IL Dombås/Lesja – Trond/Nardo
Fullstendig oversikt over alle kampane du kan sjå på gd.no finn du ved å gå inn på gd.no/direktesport.
På grunn av dei nye retningslinjene for sending av barne- og ungdomsidretten så vil det berre bli sendt kampar frå aldersklassane under 15 år.