Vi var nok litt spente alle oss tjuetals, velvaksne målfolk som stilte opp på møtet med redaktørane i Dølen og GD for nokre dagar sia. Ville dei koma oss i møte å gi oss meir nynorsk i avisspaltene? Det var Fron mållag som inviterte til møtet.

Det har murra lenge blant målfolk på grunn av denne saka, men så langt har vi ikkje vorte bønnhøyrde. Ikkje eingong gamlepresten har vorte det. Han vart etter kvart så arg og vonbroten over at han måtte lesa nesten berre bymål i Dølen at han vil seia opp avisa om dette ikkje betrar seg. Det er råd å skjønne reaksjonen hans. Nynorsken er det språklege hjartebarnet vårt. Og det har tronge kår i avisene. Det plagar oss. Fleire kan nok koma til å tenkje som gamlepresten om dette held fram.

Gudbrandsdalen har lange nynorsktradisjonar særleg i skule og kulturliv. Og talemålet vårt gir eit godt grunnlag for å skrive nynorsk. Likevel har han aldri slått skikkeleg rot i avisene.

Det står dårlegast til i Dølen. Lokalavisa for Midtdalen er oftast nesten kjemisk fri for redaksjonelt stoff på nynorsk. Det er litt rart for fleire av journalistane har vist fram at dei kan skrive god nynorsk. Men det er ikkje så enkelt. Redaktør Tove Sidsel Sanden kunne fortelja oss at journalistane i avisa skal ha språkleg fridom. Da blir det enklast å velja bokmål, kan det sjå ut til. Men verre er det at det tek mykje meir tid for journalistane å skrive nynorsk enn bokmål. Dei doblar tidsbruken ifølgje Sanden. Eg tviler ikkje på at dette er rett, men det heng naturlegvis saman med at dei bruker nynorsk såpass sjeldan. Det er slik at ein må trene på det ein skal bli god i. Slik er det også med språk. Eg veit at i dette yrket er det stort tidspress, men det måtte gå an å begynne i det små. Eg trur også på Sanden når ho seier at ho prøver iherdig på å få knytt til avisa ein nynorskskrivande journalist.

Når det gjeld GD er stoda noko betre. Avisa har ein dyktig nynorskjournalist i norddalen og to som vinglar mellom dei to målformene lenger sør. Redaktør Tom Martin Kj. Hartviksen sa han gjerne ser meir nynorsk i avisa. Da oppfordrar eg herrane Torgersrud og Odenrud å leggje bort bokmålet og berre skrive nynorsk heretter. Båe skriv eit godt, lett og til dels dialektnært språk.

Men korleis kan Dølen få opp nynorskbruken? Målfolk er ofte ein språkleg ressurs. Mange av oss er utdanna lærarar med norsk som fag. Eg er sikker på at fleire, særleg vi velvaksne, kan vera viljuge til å gjera ein innsats for å få meir nynorsk i avisa. Spørsmålet er korleis vi kunne støtte opp om dette? Vi kan naturligvis både lesa korrektur og rettleie. Eg stiller gjerne opp ei periode for det eg ser på som ei god sak. Eg er utdanna lærar med norsk og media som fag og har over 20 års fartstid som journalist. Eg håpar redaktøren ser moglegheiter i innspellet mitt.

Odd Midtlin, Sør-Fron