Det er heilt sjukt!

SJUKT: Det er viktig ikkje berre å tru mangt, men og å veta. Det er snakk om reell sjukdom, reell risiko, det er heilt sjukt!, skriv innsendaren.

SJUKT: Det er viktig ikkje berre å tru mangt, men og å veta. Det er snakk om reell sjukdom, reell risiko, det er heilt sjukt!, skriv innsendaren. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Ja, - vi er nå inne i ein heilt spesiell tilstand med sjukdom i samfunnet. Ordet fekk mest over natta ei anna meining. Det er stor skilnad på å tru og veta noko om t.d. corona. Rykta spreier seg fort med feilinformasjon, god informasjon og korleis vi taklar dette.

Kor ofte har vi ikkje høyrt dette; heilt sjukt, kan hende også; heilt sinnsjukt! Ymse medieprofilar uttalar seg stadig sterkt og tydeleg om at noko er sinnsjukt, sjukt eller liknande når dei skal setta ord på sterke kjensler/meiningar/tankar.

Kan vi andre tolke dette som eit positivt eller er det også eit negativt lada ord? Veldig bra/dårleg? OK? Litt bra/dårleg? Fantastisk? Greitt nok? Bra? Trasig ? Forferdeleg? Trist? Dette veit eg ikkje, eg må tolke ut i frå situasjonen. Kan hende den som seier det heller ikkje veit heilt presist kor sterk graderinga er i eige oppfatning. Korleis kan ein da veta kor sterkt den/dei andre oppfattar det?

I samtale er det ofte vi høyrer «eg tenkjer at…», men meir sjeldan at vi høyrer «eg meiner at..» eller «eg trur at…». Det å understreke at ein tenkjer, synes viktig. Og det er da veldig bra, at vi tenkjer, meiner eg. Kva skulle vi elles gjera - om vi ikkje tenkte?

Men seier ein det ein tenker, eller er det og meiningar som ligg til grunn for det ein uttalar at ein tenker? Dei fleste tenker mykje meir enn det ein til ei kvar tid seier. Samstundes er det bra at ein presiserer om dette er noko ein trur, meiner – eller tenker. Det fortel noko om den subjektive oppfatninga, er dette ein påstand om noko, ei konstatering eller fortel det om ei undring, usikkerheit eller anna?

Det er ofte spørsmål om kva ein føler («kva følte du da…?»). Det er kjempebra, at vi blir kjend med våre kjensler, set ord på dei, meiner eg. Men det er ikkje støtt det er så mykje kjensler som ligg i svaret, for dei færraste vil vel brette ut alle kjenslene sine i alle situasjonar?

Verba meine – tru – føle - tenke - gjev oss andre ulike høve til tolkingar av kva som ligg i utsagnet, og dermed og ulike forståingar av kontekst, og om den som seier dette.

Er vi redde for å vera tydelege, presisere, differensiere kjenslene og tankane våre, seia klart kva vi meiner? Dette kan ein sjå i sosiale media i vår kommunikasjon med andre. Vi sender ut kommentarane våre åt mange, og er samstundes redde for å bli råka av sterke, negative motsvar – hets – mobbing for våre standpunkt? Da er det mykje lettare å seia kult, sjukt og eg tenkjer, altså eg meiner ikkje at noko er kjempebra, eller bra, lite bra, dårleg, tøft, eller….

Nå har coronafrykten kome sigande inn over oss, store og små, rike og fattige. Det er snakk om alvorleg sjukdom, kan hende fatalt, for dei som ikkje tåler viruset. Dei fleste av oss kan rekne med å bli smitta – eller ha nokon i næraste krins som blir smitta. Det er uverkeleg at dette kan ramme oss alle. Det set i gang mane ulike kjensler i oss som vi må sortere litt i kvar for oss – og saman.

Det er viktig ikkje berre å tru mangt, men og å veta. Det er snakk om reell sjukdom, reell risiko, det er heilt sjukt!

Torveig Dahl, Ringebu

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags