– Det er historier om folk som skaut bikkja si for å bruke likfeittet som skismurning

Thor Gotaas saman med programleiarane Ole Martin Sjetne og Reidar Kjæstad.

Thor Gotaas saman med programleiarane Ole Martin Sjetne og Reidar Kjæstad. Foto:

Thor Gotaas har uendelege mengder røvarhistorier frå skihistoria. Nå deler han mange av dei i GD-podkasten «Ett spark».

DEL

Forfattar og formidlar Thor Gotaas har vorte kjent landet rundt for sine enorme kunnskapar om skisporten. Da vi lurte på om han ville ta ein tur for å dele nokre av historiene med GD sine lyttarar, kasta han seg på toget og kom eins ærend for å prate om det han elskar mest av alt.

– Da eg vaks opp gjekk alle på ski, og eg starta å lese skihistorie allereie som gutunge. Skikarrieren vart aldri det heilt store, eg vart klubbmester i Veldre og nummer 141 i Hovudlandsrennet, ler brumunddølen.

I «Ett spark» tek han for seg dei ulike typane av skismurning som har vorte brukt i langrennssporten.

– Thorleif Haug, som vann tre OL-gull i 1924, kokte grammofonplater og brukte som smurning. Det blir sagt at han høyrde gjennom dei først, og kokte dei som var dårlege, og det var visst slik at Kostervalsen sklei ekstra godt.

Ei anna historie er korleis dei øvst oppi Østerdalen brukte kortreiste ressursar for å få gli på skia.

– I Os blir det fortalt at dei samla inn øyrevoks med fyrstikkar på gamleheimen om sommaren for å bruke som skismurning. Det er også historier om folk som skaut bikkja si for å bruke likfeittet som skismurning.

Høyr heile episoden med Thor Gotaas her, eller der du vanlegvis høyrer på podkast:

Artikkeltags