Det er ingen menneskerett å drive med sau

- Kopplam som blir oppfora på importert kraftfor og mjølkepulver er ikkje berekraftig, skriver Ole-Petter Berget. (Arkivfoto)

- Kopplam som blir oppfora på importert kraftfor og mjølkepulver er ikkje berekraftig, skriver Ole-Petter Berget. (Arkivfoto) Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Det er ingen menneskerett å drive med , i alle fall ikkje slik det blir gjort av enkelte. Sauen er og blir fjellets slåttekar. Den skal, om det ikkje er noko gale med søye eller lam, gå i utmarka og hauste av det beste naturen har å by på av næringsrike planter og kratt.

Det er til å gråte over når den som har hovedansvaret for avlen på Norsk Kvit Sau nå vil ha enda flere lam pr søye og at lamma skal vokse enda raskere. Dette skal liksom være meir miljøvennlig. Det blir tukla med dei naturlige genene til sauen, på ein måte som gjer at det stadig blir fleire sauer som går på gjødsla innmark og blir fora med kraftfor. Dette har resultert i at det nå er minst 75000 kopplam som blir oppfora på importert kraftfor og mjølkepulver, og dei fleste av desse er ikkje ute av fjøset før dei går inn på slakteribilen.

Dagens form for avl og markedsregulatoren si prisløype, samt kjedenes press om å væra den fyrste på markedet med haustens fårikålkjøtt, gjer at det berre blir meir sau på innmarksbeite. Dette er beite som blir så nedsmitta at dyra må ha medisinsk behandling fleire gonger i løpet av ein beitesesong.

Å selje dyr som er oppfora på denne måten ser det ikkje ut til at uroar nokon. Prisløypa gjer at det er dette som lønner seg best for bonden.

Heller ikkje dei store kjedene ser på dette som eit dårlig produkt, dei lurer bevisst forbrukeren.

I 2019 var det 300 000 søyer og lam på innmarksbeite, det vil si 13% av all sau i Norge. For å komme bort frå denne forma for avl og produksjon, må lammeslakttilskotet berre gjelde dei slakta som har gått på utmarksbeite. Det er denne forma som er bærekraftig, og ikkje minst miljøvennleg. Utmarksbeite er og med på å redde mange av dei raudlisteartene som er avhengig av beitedyr.

Ole-Petter Berget, leiar, Nord-Fron Bonde og Småbrukerlag

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags