Det er klokt med auka tiltak for å sikre liv og verdiar i landet vårt

- Det er meir opplagt enn nokon gong at det må til eit nasjonalt løft for å sikre liv og verdiar mot naturhendingar som ras og flaum.

- Det er meir opplagt enn nokon gong at det må til eit nasjonalt løft for å sikre liv og verdiar mot naturhendingar som ras og flaum.

Av
DEL

debatt
Skal vi snart forstå at det er klokt å auke tiltak for å sikre liv og verdiar i landet vårt – og faktisk gjera noko med det?

Det er meir opplagt enn nokon gong at det må til eit nasjonalt løft for å sikre liv og verdiar mot naturhendingar som ras og flaum. Årlege og dyrekjøpte erfaringar er det mange av, og viser gong på gong at «prisen som må betalast» langt overgår kostnadane med å gjennomføre sikringstiltak. Vår region er av dei som verkeleg har fått kjenne på dette. Slik prognosane er vil dette auke på i åra framover. Det er på tide å ta dette på alvor.

Meteorologisk institutt har nyleg meldt at dei ventar hyppigare og kraftigare styrtregn som følgje av klimaendringane, og varslar at intensiteten i kraftig styrtregn vil auke med 40 % i løpet av inneverande århundre. NVE har sjølv vurdert sikringsbehovet mot flaum og skred til kr 4 mrd. Det er nok i beste fall ei svært forsiktig vurdering. I statsbudsjettet er det sett av om lag kr 350 mill. til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak. Med andre ord ein lang veg å gå med trongt nålauga om ikkje løyvingane aukar.

Statsministeren skal nyleg ha uttala at ei av dei store utfordringane er at dei vakre fjella våre og er svært bratte og utsette for ras. Med ekstremvêret vi har fått blir det, i fylgje statsministeren – utfordringar. Med andre ord ei erkjenning av at alt ikkje kan sikrast.

Det må ein akseptere. Det er likevel grunn til å vera smått undrande til at dette ikkje har blitt teke tilstrekkeleg på alvor, noko avgrensa løyvingar og mangelfull samhandling mellom departement og etatar bygger opp under.

I løpet av dei siste åra er det vanleg med naturskadar og kostnader knytt til oppretting som langt går over løyvinga over statsbudsjettet berre for det enkelte år. Fylkesberedskapssjefen vår har m.a. vurdert kostnadane med flaumane i vårt område i 2011 og 2013 til over kr 1 mrd. kvar. Erfaringar elles syner at det kostar 8–10 gonger meir å reparere enn å førebygge. Klimabaserte ekstremhendingar og kostnadar med dette er absolutt ikkje ny kunnskap.

Statsministeren syner til at kommunane må ta sin del av ansvaret, og peiker på naudsynt planlegging og gjennomføring av ROS-analysar. Mange kommunar tek verkeleg dette ansvaret på alvor og har gjort naudsynte vedtak med grunnlag i oppdaterte planar. Likevel er det slik at mange syner til utfordringar med bemanning, kompetanse og økonomisk evne til gjennomføring av sikringstiltak. Ikkje minst har mange kommunar som har gjort sin del av arbeidet, møtt veggen som følgje av mangelfull medfinansiering og prioritering frå staten.

Det må eit løft til for å skape motivasjon for -og tru på at dette arbeidet vil gje resultat. Kunne ein tenkje seg at statsministeren tek ansvar for å koordinere sine departement og direktorat i eit felles løft for å møte denne opplagte framtidsutfordringa? Kommunane vil garantert helse initiativet velkome. Det er jo i kommunane folk er.

Ola Helstad

Administrasjonssjef Lom kommune

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags