Gå til sidens hovedinnhold

Det er nok nå

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

– Natur har oss jaggu nok tå,- sa ein ordførar i ein debatt om kraftutbyggjing på 1970-talet. Det gjaldt Sjoa, mot forventa arbeidsplassar i fråflyttingstruga bygder.

Nå gjeld det raske motorvegar og hyttebyar mot ennå urøyvde fjellheimar, det gjeld tusenårsgamle setervangar og dei siste restar av urskog der villfuglen bur. Det gjeld nokre arbeidsplassar i bygningsbransjen og auka omsetning i kjedebutikken i bygdesenteret.

Eg høyrer til den siste generasjon av menneske som uhindra kunne byggje ut dei rikaste biotopane og utan tanke på nye slekter kunne tømme ut Jordas ressursar.

Nå går egoismens tidsalder mot slutten. Har vi ikkje snart nok, nå? Er det ikkje på tide at vi bremsar opp og tenkjer oss om? Treng vi meir olje nå og høgare løn til å kjøpe meir bruk og kast?

Du kan stemme på framtida til barnebarna dine eller på å auke ditt eige fotavtrykk på Jorda.

Torgeir T. Garmo, Lom