Det er tid for å sette komplisert regelverk til side

Av
DEL

lesarinnlegg 

Situasjonen vi er i, hadde få trudd vi kunne komme i for kort tid sidan. Korona-situasjonen pregar lokalsamfunna våre sterkt, og vil gjere det framover.

Midt i dette er det viktig å hugse på at krisesituasjonar plutseleg kan skje også innan andre samfunnsområde. Mellom anna er det mykje snø i fjellet, og opplagt fare for både stille og vill flaum.

Førebygging og sikring er høgt prioritert i kommunane, og eg legg til grunn at det også er slik for vegane fylke og stat har ansvaret for. Sjølv om alle er i ein svært krevjande situasjon, må ein god del arbeid og aktivitet må gå som før.

Situasjonen krev mykje av kommunane, staben i fylkeskommunen og hos Fylkesmannen. Konkret betyr det færre til å saksbehandle søknader og færre til eventuelt å gje lov.

Dette har eg bedt Fylkesmannen ta tak i, og bidra til at dette blir sett på dagsorden i departement og regjering så raskt som mogleg. På same måte har eg bede Fylkesmannen gje oss ei oversikt over det som er lov og det som kan gjerast lovleg nå.

Elles har eg har vore medlem i Lågenrådet sidan oppstarten, og eg har vore tett på reguleringsplanarbeidet for masseuttak i Frya elv. Planarbeidet har hittil kosta 700 000 kroner, og heldigvis har Lågenrådet dekt 600 000 kr av dette.

Gudbrandsdalslaugen har mange sideelver der masse samlar seg i utløpet, og utgjer ein stor risiko ved vill flaum. Tromsa elv i Fåvang, Frya elv mellom Ringebu og Sør-Fron, Fossåa, Ulbergsåa og Augla i Sør-Fron er alle eksempel på dette.

Pengar må nå brukast på tiltak og ikkje planarbeid.

Utruleg mange daa dyrka mark og næringsareal er også flaumutsett, og det er bygd flaumverk mange plassar – også er underlagt fleire regelverk.

For å starte ein prosess for å forenkle og klargjere regelverket for m.a. masseuttak, skulle Lågenrådet møte departementet i september i fjor. Møtet vart utsett. Slik gjekk det også med planlagt møte i mars. Nytt møte er nå planlagt i april. Møte skal det bli, men sanneleg krev det tolmod! Og regelendring og forenkling blir det neppe med det første.

Regelverket for masseuttak er komplisert og krevjande. I alle fall for ein lekmann som meg. Krise er tid for handling, og tid for å sette komplisert regelverk til side. Det er definitivt ikkje tid for omfattande saksbehandling etter komplisert regelverk.


Ole Tvete Muriteigen, ordførar i Sør-Fron

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags