Gå til sidens hovedinnhold

Det finst inga vaksine mot global oppvarming

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Om eit godt halvår er truleg alle som ynskjer det i landet vårt vaksinerte mot covid-19. Den trugande pandemien vil sakte bli redusert til ei stadig fjernare påminning om at alle menneske lever på ein klote, og at det vi gjer kan bli bestemmande for alle dei andre, i samtid og framtid.

Sjølv hadde eg vona at denne pandemien skulle bli ein vekkjar for oss, at menneskeheita, nå måtte innsjå at ein evig økonomisk vekst ikkje er mugleg på ein avgrensa klote.

Eg ser at eg tok feil. Dagens TV-nyheiter har hovudoppslag om at auken i utslepp av CO₂ er den største i historia. I avisa ropar overskriftene mot oss om avbrenning av regnskogen i Brasil, om gigantprosjekt med firefelts motorvegar i Noreg og nye hyttefelt i Gudbrandsdalen. Alt heng som kjent saman med alt. Og alt handlar om forbruk av olje og natur. Sjølv dei enorme vindkraftverka som skulle redusere bruken av fossile brensel sprengjer seg inn i urøyvde fjellheimar og forbrukar råstoff det knapt finst nok av på jorda!

Kapitalismens evige krav om profitt og nye «arbeidsplassar» for maskiner, menn og entreprenørar et sakte opp jord og skog og dei siste villmarker. Men vi kan ikkje byggje oss ut av klimakrisa. Eg trur vi må tenkje på ein annan måte.

Det er hundre tusen år sia dei fyrste steinalderjegerane vandra ut av Afrika. Jordbrukssamfunnet var stabilt i ti tusen år. Det er knapt tohundreogfemti år sia vi tok til å brenne kol for å få fart på maskinene våre. Og det er eit faktum at meir enn halvparten av alt CO₂ som har vorte slept ut i atmosfæren har kome der dei siste tretti åra, etter at åttiåringen som skriv dette fylte femti!

Det er på tide å setja naturen fyrst, å tenkje gjenbruk av alt vi har lagt beslag på, å ta vare på det som er att for nye menneske etter oss. Kanskje er det ikkje så farleg for meg som har levd eit godt liv i eit land med plass nok til alle, men eg har barn og barnebarna som skal leva vidare på denne kloten.

Klima på jorda blir bestemt av endringar i Jordas bane rundt sola, av geologiske prosessar og fleire andre variablar, og dersom vi ynskjer å forstå det som skjer med klima rundt oss, er det best å halde seg til geologiske fakta. Og viktigast av desse er det skiftande innhaldet i atmosfæren av klimagassane CO₂ og vassdamp.

Ved starten av Den industrielle revolusjonen var det 250 g CO₂ pr. tonn med luft. Sikre målingar viser at vi nå har passert 411g/tonn. Vêrlaget/klimaet er nå i ferd med å stille seg inn på dette.

Kyoto-avtalen vart broten av alle avtalepartar og førde til nesten inga betring. Paris-avtalen slo i 2016 fast at den globale temperaturstigninga helst skulle haldast under 1,5 grader, men ingen av industrinasjonane er i nærleiken av å innfri lyfta sine om utsleppskutt. Noreg greidde ikkje å innfri lyfta sine for 2020, derfor sette regjeringa nye lovnader for 2030 og – nesten utruleg- delde samtidig ut rikeleg med nye oljelisensar.

Vippepunktet for å setja i gang irreversible prosessar ligg i fylgje IPCC på om lag 2C. Da vil iskappa rundt Nordpolen smelte, innlandsisen på Grønland vil sleppe ut nok vatn til at havet over tid stig 1 – 3m og dermed setja meir enn hundre hamnebyar under vatn.

Å halde fram med dagens utslepp vil i fylgje IPCC kunne føre til ei stigning på 3,2C i dette hundreåret.

Eg trur vi må tenkje på ein annan måte.

Det er ikkje berre kinesarane sin feil og ein narsistisk psykopat som fekk styre USA i 4 år. Vi er alle som lever i materiell overflod i dag og likevel krev stadig nye godar ein grunnleggjande del av problemet. I Verda, i Noreg og i Lom må vi innsjå at vi har nok nå. Morgondagens vekst og nye arbeidsplassar må skapast innan vedlikehald, resyklering og reparasjon, innan opplæring, kunst i alle former, og, framfor alt i å ta vare på kvarandre.

I staden for å gå attende til «business as usual» må politikarane forstå at alle nye regjeringskvartal, alle nye firefelts vegar og alle nye felt med luksushytter er bidrag til den globale oppvarminga.

I staden for å tekkjast kravstore veljarar med reduserte formueskattar ynskjer eg at politikarane skal prioritere barnebarna sine og menneske ennå ufødde.

Torgeir T. Garmo, Lom