Det kan bli opprivande, men slett ikkje umogleg, å meine noko. For demokratiet er det nødvendig

Av
DEL

debatt

Innlandet Arbeidarparti vil ikkje meine noko om framtidig sjukehusstruktur i Sjukehuset Innlandet sitt område. Det vil bli ein «opprivande og umogleg diskusjon», seier nestleiar Rune Støstad til GD.

Senterpartiet meiner at den framtidige sjukehusstrukturen er ei så viktig sak at både fylkesting og politiske parti må gjera vedtak om den. Dette er ei sak som er svært viktig for helsetenestene til alle innbyggjarane i vårt område, og det er den viktigaste regionalpolitiske saka i vårt område. Utfallet vil bli avgjerande for pasientane sine tilbod og regional utvikling i mange tiår framover.

Vårt demokratiske system er basert på at folkevalde skal si kva dei meiner og avgjera slike viktige spørsmål. Dessverre er føretaksmodellen i helsevesenet til hinder for at folkevalde avgjer denne saka. Men politiske parti og folkevalde organ kan ikkje av den grunn la vera å si kva dei meiner er rett.

Diskusjonar om sjukehusstruktur vil bli krevjande for alle parti. Det vil ikkje vera mogleg å samle alle om det same synet. I ei slik sak vil det vera ulike syn på kva som vil vera dei beste alternativa. Men alle politiske parti bør fortelja veljarane kva som er fleirtalet i partiet sitt syn.

Det er styret i Helse Sør Øst som vil avgjera denne saka. Senterpartiet meiner det er viktig at Helse Sør Øst får vite synet til dei som representerer pasientane i området. Senterpartiet foreslo difor i fylkestinget sitt førre møte at saka skal opp til behandling i fylkestinget når samfunnsanalyse og anna ny kunnskap blir gjort kjent. Arbeidarpartiet støtta ikkje forslaget.

I det same møtet sa styreleiar i Helse Sør Øst, Svein Gjerdrem, at det vil vera viktig for helseføretaket, når endeleg vedtak skal fattast, å vite kva regionale folkevalde organ meiner. At Arbeidarpartiet likevel ikkje vil meine noko er vanskeleg å forstå. Ifølgje GD oppklarar Støstad dette slik: «de ulike regionane får kjempe som best de kan».Det kan bli opprivande, men slett ikkje umogleg å meine noko. For demokratiet er det nødvendig

Dette er i strid med Senterpartiet sitt grunnsyn om at det i politiske saker skal leggast heilskaplege vurderingar til grunn, og at vedtak skal vera forankra i folkevalde organ. Det skal ikkje vera slik at den som har mest ressursar og kontaktar skal nå fram med sitt syn.

Senterpartiet meiner det er ei plikt for politiske parti, som vil styre samfunnsutviklinga, å ta stilling i spørsmål som dette. Det kan bli opprivande, men slett ikkje umogleg å meine noko. For demokratiet er det nødvendig.

Olav Røssum, nestleiar i Oppland Sp

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags