Gå til sidens hovedinnhold

Det nyttar ikkje å setje plaster på sår som ikkje gror

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Bygging av ny E6 er nok eit døme på at naturens eigenverdi blir ignorert.

Ei strekning som omfattar planen om ny firefelts E6, er ei 110-sone gjennom Lågendeltaet naturreservat ved Lillehammer. I dette området er det blant anna registrert 224 ulike fugleartar, der 58 av dei er på raudlista. Lågendeltaet er Noregs største innlandsdelta, og naturreservatet vart oppretta for å ta vare på eit viktig og spesielt våtmarksområde. No planlegg det statlege selskapet Nye veier å byggje ein ny E6- trasé, med ei motorveggbru rett gjennom det.

Utbyggar, saman med samferdselsminister Knut Arild Hareide, forsikrar at areala som den nye vegen krev, skal bli erstatta. Det høyrest fint ut, men i realiteten er det grønvasking. Det er ein grunn til at område blir verna, då det er viktig at det biologiske mangfaldet i akkurat dette området blir tatt vare på. Då hjelper det ikkje å berre verne eit anna område.

I dette tilfelle er det lova å verna eit område ved Gausa, ei elv i nærleiken, for å vege opp for Lågendeltaet. Men dette området har ikkje i nærleiken den same standarden. Til dømes, har ikkje området ved Gausa mudderbankar, noko som er problematisk, då mudderbankane ved Lågendeltaet er særleg viktige for trekkfuglane.

Dette er eit døme på at det ikkje er mogleg å finne natur som er heilt identisk med det området som blir erstatta. Det vil heller ikkje vera noko garanti for at dei same artane vil koma attende, og enkelte naturtypar kan ta fleire hundre år å gjenreise. Med andre ord, vil øydelegginga av både vegen og brua vera uerstatteleg.

Me menneske har øydelagt så mykje av verdas natur at det ikkje lengre er nok å bevare. Slik statusen er i dag, har me øydelagt så mykje, at det er heilt naudsynt å restaurere natur for å bremse, stoppe og aller helst snu den negative utviklinga.

Restaurering er betre enn å ikkje gjere noko, men diverre kan det senke terskelen for å byggje ned verdifulle areal. I tillegg til det, kan det og kanskje tillate større inngrep enn kva ein elles ville gjort.

2021–2030 er verdas tiår for restaurering av økosystem. Restaurering blir stadig meir populært, men det nyttar ikkje å bruke det som plaster på sår skapt av eit stadig aukande forbruk, som bygging av ny E6 er eit døme på. At areala der det før var natur, blir underlagt menneske, reduserer det biologiske mangfaldet. Det gjer at det viktigaste er ikkje å restaurere naturen, men la vera å øydeleggje den.

I dag er heile 83 prosent av våtmarksområda i verda øydelagt, og våtmarksområde er særleg viktig for biologisk mangfald. Me har ikkje råd til å øydeleggje fleire, noko som betyr at traseen gjennom Lågendeltaet må skrinleggjast. Det er hårreisande at verdien av verdifull natur blir nedprioritert til fordel for at bilistane får nokre minutt mindre køyretid.

Menneskeleg påverknad har sett preg på storparten av areala i Noreg. I fleire tiår har me i snitt mista eit område tilsvarande tretti fotballbanar med villmarksprega natur ifølgje Naturvernforbundet. Fleire tusen artar er på raudlista og mange naturtypar er under press.

Me er langt på veg på feil kurs, og me må gjere betydelege tiltak for å unngå dei verste konsekvensane tap av natur og biologisk mangfald ber med seg. Det nyttar ikkje å setje plaster på sår som ikkje gror. Me treng eit paradigmeskifte, og det viktigaste me kan gjere er å la vera å øydeleggje naturen.

Jannicke Totland, Oslo, naturvernutvalet i Natur og Ungdom