Det er med stor uro vi nå ser på kva som skjer i Ukraina. Da blir våre debattar i fylkestinget i Innlandet for småtteri å rekne – eller ikkje? Det handlar jo om demokratiske spelereglar, demokratiutvikling og demokratiforståing, legitimitet for resultat og avgjersler og at folk blir teke på alvor.

Nå har vi hatt harde frontar, argumentering, spekulering og harselering i samband med folkeavstemminga for eller imot oppdeling av Innlandet fylke. Resultatet er at den folkeavstemminga som 46,7 % av innbyggarane vår deltok i, vart framstilt som verdilaus.

Det er eller skal aldri vere verdilaust å bruke stemmeretten sin. Alternativet er så mykje verre. Dersom folk misser tilliten til at deira stemmer ikkje blir lytta til eller at den ikkje teller, da er vi ille ute.

Demokrati er det same som eit folkestyre, ei styreform der folket har direkte eller indirekte innflytelse på kva vedtak som blir fatta. Folkeavstemming er eit demokratisk styringsprinsipp som skal sikre at avstanden ikkje vert for stor mellom folkeviljen og dei styrande.

Stemninga var til å ta og føle på i fylkestinget 23. februar 2022 med stort presseoppbud og mange skuffa folk som ikkje kjende seg lytta til eller respektert. Ved denne folkeavstemminga var det den største veljargruppa som vann, dei som ikkje har brukt stemmeretten sin, og den brøkdelen av organisasjonar som svara på høyringsbrevet.

Senterpartiet var aldri i tvil om å lytte til folkeavstemminga! Sjølvsagt støtta vi også høyringa som kom som forslag i etterkant, men vi har alltid vore tydelege på at det var folkeavstemming vi ville ha. Alle resultat frå høyringane og medarbeidarundersøkinga vart publisert før folkeavstemminga vart gjennomført. Dette gjorde jo at ikkje berre vi politikarane hadde desse svara så sjå til når vi skulle avgjere framtida til Innlandet, men også dei som skulle stemme i sjølve folkeavstemminga.

Resultatet er for oss tydeleg når innbyggarane i 37 av 46 kommunar ikkje ville vidareføre Innlandet. Når nå fylkestinget har overkøyrt dette, har vi alle eit felles ansvar for å gjere noko med den skepsisen folket viser. Dei ser ikkje dei eventyrlege moglegheitene som står i visjonen. Det hjelper heller ikkje å kalle Innlandet for Lykkelandet.

Tilliten i folket har fått ein skikkeleg knekk, men det er ikkje hat, sjikane og sinte Facbook-innlegg som skal styre demokratiet. Vi kan og skal ikkje ta demokratiet for gitt og det kan vere skjørt om vi ikkje jobbar med det kvar dag på ein måte som folk har forståing for og tillit til.

Aud Hove (Sp), gruppeleiar og fylkesvaraordførar