Gå til sidens hovedinnhold

Det skulle ikkje forundre meg om det finst lokalpolitikarar frå Høgre som òg er skamfulle

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Hanne Astrup Velure, frå regjeringspartiet Høgre, er ute og applauderer avisa GD sin leiar. Leiaren til GD ber Trygve halde seg unna debatten om kommunesamanslåing i Nord-Gudbrandsdalen. Trygve sett SP-ordførarane i forlegenheit meiner Velure. Meir om det å vera forlegen, eller skamfull som eg seier, seinare.

Regjeringa nedsette tidlegare i år eit Distriktsnæringsutvalg. Utvalet har hatt i oppgåve å identifisere moglegheiter og hinder for næringslivet i distrikta. Konklusjonen til utvalet er klar og den seier, ikkje overraskande, at det er for få som blir fødd og at det er for mange som fløtt. Årsaka til dette er ikkje små kommunar eller at den faglege kvaliteten på dei kommunale tenestene er for låg. Årsaka er at staten, det vil seie regjeringa med støtte frå Frp, fjernar arbeidsplassar og ressursar frå lokalsamfunna. For Norddalsregionen vil Nord-Gudbrandsdal tingrett i Vågå bli siste skotet på den stamma. Regjeringa har lagt fram forslag i Stortinget om å legge den ned som sjølvstendig rettsstad. Dei siste åra har det vorte 12 prosent færre statstilsette i distrikta, medan det totalt i staten har vorte 15 prosent fleire.

Ei massiv kommunesamanslåing vil føre til at enda fleire offentlege arbeidsplassar og offentlege ressursar forsvinn ut av Gudbrandsdalen. Avstandane vil bli enda større og tenestetilboda innanfor utdanning og omsorg vil bli dårlegare. Som Distriktsnæringsutvalget konkluderer med, vil ikkje dette vera til fordel for næringslivet. Dette viser kor viktig det er at det utarbeidast og vedtakast ein plan for desentralisering av statlege og fylkeskommunale stillingar.

Så attende til det å vera skamfull. Sjølvsagt finst det heilt sikkert Sp-ordførarar som er skamfulle. Om det er Trygve som gjer dei skamfulle er eg meir usikker på. Hadde eg vore ordførar hadde eg nok vore meir skamfull over å måtte stå i ein kvardag fylt med skulenedlegging, nedlegging av barnehagar og kutt i eldreomsorga. Sju år med ei Høgrestyrd regjering der verkemiddelet er å kutte i inntektssystemet for å tvinge fram kommunesamanslåingar sett sine spor. Det skulle ikkje forundre meg om det rundt omkring finst lokalpolitikarar frå Høgre som er i same situasjonen som òg er skamfulle. Kven som gjer kven skamfull vil støtt vera ei subjektiv øving som kanskje ikkje er så interessant i den store samanhengen. Som ein ivrig forkjempar for vekst og utvikling av Distrikts-Norge er eg likevel glad for at eg representerer eit parti som er leia av Trygve!

Asbjørn Stensrud, listekandidat Stortingsvalget 2021 (Sp), Lillehammer