«I år droppar vi julegåvene til kvarandre», sa mor. «Ok», sa eg. Men kvifor det, eigentleg? Fordi mengda gåver fort blir litt overveldande? Fordi det er eit stressande pliktløp i julestria – eller fordi vi ikkje har råd, da vi har brukt opp alle pengane på straum i år?

Saken er at vi alle, uansett grunn, skal halde litt att på lommeboka i år, og handle mindre enn rekordåret i fjor, ifølgje ei prognose utarbeida av NHO Service og handel. Vi har vore gjennom ein pandemi. Det er uro i verda kring oss. Straumprisane er skyhøge. Rentene er høge. Inflasjon og generell prisvekst gjer at vi har mindre å rutte med inn i tida da pengane våre vanlegvis får vengar.

Paradokset er at dei lokale butikkane treng at vi handlar meir i år. November og desember er utan tvil dei mektigaste handelsmånadene i året, og utgjer ein stor del av årsomsetninga deira. I år anslår Virke ein nedgang på 3,5 prosent i forhald til julehandelen i fjor. Dersom spådommen slår til, er det ei dårleg julehelsing til dei som lev av at vi bruker pengar. Ein nedgong i omsetnaden i dei fleste bransjar, utanom daglegvare- og netthandel, vil gje mange handelsbedrifter ei tøff avslutning på 2022 - på toppen av mykje høgare utgifter.

Frå hunger til forbruksfest: Skikken med å gje gåver til jul er gamal. Attende til midten av 1800-talet, var ikkje jula berre fylt av jubel. Arbeidarklassa hadde anna å stri med enn å unne seg julefri med bugnande julebord og pakke-bonanza slik mange er vant til i dag. Ifølgje boka Jul i Norge: Gamle og nye tradisjoner, var mykje av det som vart produsert av mat og drikke og nyttegjenstandar i førjulstida, gåver ein delte med kvarandre i høgtida. Det var skikk og bruk og gje til dei trengande kring juletider. Ungane fekk kanskje nytt varmt tøy eller ei eske med smør.

I dag har vi smør på bordet. Og vi er kanskje for dårlege til å gje nyttegjenstandar - ikkje minst til dei som treng det mest. I staden stressar vi med å «finne på noko» til dei som har «alt», og kjenner på at det i seg sjølv er meiningslaust. Trass i omstenda, kjem vi heller ikkje i år til å avlyse julehandelen. Det er nemleg venta at nordmenn vil svi av til saman 124 milliardar kroner i november og desember, og at kvar og ein av oss vil bruke i gjennomsnitt 12.000 kroner på gåver, mat, butikkjøp og netthandel før jul (NHO).

Spikk og strikk: Uansett korleis du vel å bruke dine tilmålte 12.000 kroner denne jula, legg gjerne opp handleløpet lokalt. Butikkane treng oss, og vi treng dei. I fjellbygda Lom utgjer handelsbedriftene ein vesentleg del av reiselivsproduktet. Faktisk driv over 30 % av dei totalt 67 medlemsbedriftene i Visit Jotunheimen med direkte varehandel. I tillegg kjem sal knytt til servering, overnatting, tilrettelagte natur- og kulturopplevingar, arrangement og andre tenester.

Mange av bedriftene sel gåvekort eller driv nettbutikk. At samfunnet har «gjenopna» etter pandemien, gjer det dessutan mogleg for oss å vri forbruket mot tenester. Så kva med å gje ei gåvekort på ein aktivitet eller legge ei spiseleg oppleving under juletreet i år? Eller om du unntaksvis har god tid til å strikke eller spikke på noko som skal bli presang, sørg for at garnet og spikkekniven er handla lokalt. Da kan du produsere med godt samvit og vite at du samstundes gjer lokalsamfunnet ei god juleteneste, lykkeleg nynnande til Prøysen inn i julestria;

«Den vil hun sikkert ha, da blir hun sikkert glad, og at det er en nyttig ting kan ingen komme fra…»

Mari Arnøygard Wedum, dagleg leiar i Visit Jotunheimen