Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.
Då heimetenesta kom for å lage frukost til den lårhalsopererte gamle dama klokka tolv om dagen, spurte ho om ho kunne få eit speilegg.
– Ja, men da må du bli med på kjøkkenet sjølv, sa omsorgsarbeidaren.
Du vil kanskje ikkje tru det. Men eg kjenner den gamle og veit at ho snakkar sant. Eg tenkjer historia har relevans for den evige diskusjonen vi førere om kvaliteten på eldreomsorga.
Kvinna har forresten alltid vore av det rause, omtenksame og gjestfrie slaget. Ho bur åleine i huset sitt. Ikkje har ho nær familie lenger, og så vert ho altså råka av lårhalsbrot og må på sjukehus.
Det er på vårparten i år.
Sidan allmenntilstanden hennar ikkje er kritisk etter operasjonen, så vil ikkje det offentlege helsevesenet vårt koste på henne rehabiliteringsopphald. Etter to veker med sjølvfinansiert rehabilitering, er 90-åringen attende i huset sitt og blir tatt vare på av heimetenesta. Og så er det nok ikkje mange dagane etter dette at ho vågar seg frampå, nokså forsiktig og beskjedent, og spør om speilegg til frukost.
Ja, for klokka er snart tolv på morgonen, og lenge har ho sete der i stolen sin og kjent at ho er svolten, venta og venta utan å vere i stand til å finne seg mat. Så når representanten for heimetenesta endeleg svingar inn på gardsplassen og kjem inn i stova med iPaden sin, så vert ho glad. Og så vågar ho seg til å seie at ho kunne tenkje seg å få servert eit speilegg.
At svaret er som det er, ja det gjer nok at ho blir litt lei seg. For slikt er ho ikkje van med i det livet ho har levd til no. Men så steglar ho seg opp saman med omsorgsarbeidaren og kjem seg på kjøkkenet. Så speilegg, det blir det, men inga servering slik ho i røynda bad så pent om etter tunge tak med sjukdom, smerte og einsemd..
Kan hende vil du spørje kva slags representant for heimetenesta dette var. Det treng du ikkje. For representanten gjorde nok som ho eller han skulle og handla korrekt etter den ideologien som rår. Rehabilitering er rett og kostar lite, fyordet er omsorg som kostar mykje. Det å gje gamle og sjuke eit speilegg med persilledusk på toppen, simpelt hen berre for å gle dei, er ikkje i tråd med retningslinene.
Litt spissformulert, naturleg vis. Men faktisk er dette eit tema som vi vil få høyre meir om i året som kjem. For i enkelte fagmiljø rettar ein nå kritisk blikk på det skifte som gradvis har gått føre seg i eldreomsorga vår dei siste tiåra. Frå tida der ein la hovudvekta på sjukdomsbehandling, pleie og omsorg til våre dagars terping på førebygging, rehabilitering, helse, meistring og digitale løysingar som krev færre hender. Heilt til livets slutt synest det som ein skal utfordre dei eldre til meistring.
Det er ikkje berre bra, dette. I ytterste konsekvens kan det bli uverdig. I januar neste årkjem Runar Bakken, dosent emeritus ved USN Eldreforsk med ei bok som omhandlar temaet. I Klassekampen nyleg skreiv han ein tekst om «Suksessfull aldring» og konsekvensane av ein helseideologisk retning som gjer kvar og ein av oss ansvarlege for eiga helse og alderdom. Bakken syner at den nyliberale ideologien, importert frå USA, har røta seg godt i politiske miljø og embetsverk her i landet Tenkinga skal spare fellesskapet for mykje pengar, heiter det. Men kva så? Blir det verdig alderdom av det?
Sjølv tenkte eg på dama nord i byen då eg las. At dette skjer i byen vår, er ikkje det interessante. "Meisring heile livet" er det som gjeld alle stader. Eg er viss på at tilsette strekker seg det dei kan. Eit speilegg frå eller til betyr sjølvsagt ingenting målt opp mot dei utfordringane heimetenesta har. Men det er leit dersom det politiske tankegodset, som tenestene er tufta på, hindrar omsorgsarbeidarar frå å følje hjartet sitt og handle etter det.