Gå til sidens hovedinnhold

Dette er ikkje eit spørsmål om å vera for eller i mot Nortura, men om ein skal ha landbruk i heile landet!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Den viktigaste forutsetninga for at vi har landbruk i heile landet er eit landbrukssamvirke som forplikter seg til å vera marknadsregulator med hente- og mottaksplikt. Marknadsregulatoren sørgjer for balanse mellom produksjon og etterspørsel av dei jordbruksvarene som inngår i marknadsordninga. Produksjon av landbruksprodukt, som kjøtt, mjølk eller korn, er ein langsiktig produksjon med store sesongvariasjoner. Marknadsreguleringa gjer at bonden er sikra salg av produkta sine til mest mogleg lik pris uansett kor i landet produksjonen foregår, uavhengig av storleiken på produksjonen. Dei bondeeigde landbrukssamvirka Tine (mjølk), Nortura (kjøtt og egg) og Felleskjøpet (korn), har ansvaret for marknadsreguleringa. Dei har og hente – og mottaksplikt frå alle produsentar, samvirkemedlemmar eller ei. Ein produsent som ikkje er medlem av Nortura og leverer slaktedyra sine til eit konkurrerande slakteri, får likevel levert dyra sine til Nortura. Og det til den same prisen som Nortura betaler til sine medlemmar.

Alle har høyrd eventyret om Oskeladden og dei gode hjelperane. Den eine hjelparen var så lett på foten at han måtte ha lodd festa til føtene. Å vera marknadsregulator med hente- og mottaksplikt er eit viktig og nødvendig lodd. Utfordringa for Nortura er at lodda har vorte fleire og tyngre. Rammevilkåra har vorte dramatisk endra. Noko skuldast manglande vilje til politisk styring, medan noko skuldast ei bevisst politisk styring. I motsetning til gardbrukaren, som er sikra å få levert produkta sine, er ikkje Nortura eingong sikra hylleplass for produkta sine i daglegvarebutikkane. Daglegvarekjedenes eigne merkevarer (EMV), dominerer kjøttdiskane til Kiwi, Rema 1000 og Coop. For kjøttdeig- og farseprodukt stod EMV for 81 prosent av salget i 2019. I 2010 var tilsvarande tal 36 prosent. Med Høgrestyrd regjering føres det ein landbrukspolitikk som ønskjer overproduksjon. Resultatet er tusenvis av tonn med kjøtt på reguleringslager. I tillegg svekker same regjeringa tollvernet og auker importen av landbruksvarer som til dømes kjøtt. Resultatet er dårlegare prisar og dårlegar inntening for produsentar og landbrukssamvirke, som igjen tvinger fram naudsynte rasjonaliseringsgrep. Eit landbrukssamvirke er avhengig av å tene penger for at produsentane skal få betalt for produkta sine. Kjøtt og mjølk har ingen økonomisk verdi før det ligg i handlekorga.

Landbruket er primærnæringa som legg grunnlaget for busetting og sysselsetting i heile landet. Da må ein ha eit eigarstyrd landbrukssamvirke som ivaretek rolla som marknadsregulator med hente- og motaksplikt. Som bonde er du heilt avhengig av å få seld produktet ditt til ein forutsigbar pris. Det er heilt avgjerande at Stortinget tek grep for å sikre eit velfungarende landbrukssamvirke som ein garanti for landbruk i heile Norge. Lovregulering av salg av EMV, oppsplitting av daglegvarekjedene og auka tollvern på landbruksvarer er ein god start. Ei satsning på primærnæringa vil vera med på å auke norsk sjølforsyning og sysselsetting i distrikta. Ei endring av rammevilkåra, tilpassa det norske landbrukssamvirke, vil gje grunnlag for å forvente at Nortura finn attende til ein desentralisert struktur. Landbrukssamvirket er avhengig av eit fotavtrykk i hele landet for å ha truverd hjå produsent og forbrukar!

Asbjørn Stensrud, listekandidat Stortingsvalget 2021 (Sp), Lillehammer