Gå til sidens hovedinnhold

Dette lovar slettes ikkje godt

Artikkelen er over 1 år gammel

lesarinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

(Kommentar til eksplodert kommentarfelt hjå Vistekleiven).
Beklagar, men eg tykkjer ikkje at kommentarfeltet til ordføraren er langt nok, og eg tykkjer slettes ikkje at det lovar godt for lokaldemokratiet.
No har eg lese gjennom alt av trådar og eg er overraska over det eg finn. Dette startar med ei påpeiking av høve ved ei tilsetjingssak, som ikkje ser heilt gode ut. Denne saka var det viktig å få lyfta fram i ljoset, det er slik ein får ordna opp. Facebook og avis kan vere den kanalen ein privatperson har til slik bruk.


Det som gjer at eg ikkje kan sleppe dette, er at den som seier ifrå, som ser og varslar, blir kalla -konspiratorikar-ein sjarlatan-ein mobbar- han er hatsk-han blir tillagt ureielege hensikter-det at han påpeiker dette er stygt-han blir skulda for å ha ein eigen agenda-han varslar for å hemne seg-motivet skal vere urettferdig behandling av Ap ved tidlegare høve-han blir helst med «god bedring» av ein ordførar-han er «sykeleg opptatt av å få siste ordet»- han la opp til kommentaren til Saaroma-han jaktar på enkeltmenneske-han må lære seg folkeskikk. Han får beskjed om å kaste inn handkledet, han får spørsmål om han snart har fått nok, han får beskjed om be om unnskyldning, «Vågå (!) må no ta til motmæle og seie at nok er nok». Men ei unnskyldning kjem visst uansett for seint. Dei som ser nyansane i dette blir truga med at dei «er sett som sympatisørar». osb. (dessutan blir det også insinuert i denne tråden at det er mykje innavl i Finland, det fornærmar til og med meg).


Dette er gapestokken sin det, sett opp av den som skal råde i eit lite samfunn. Det er også eit overtramp, ein ordførar har stor makt og påverkingskraft i eit lite samfunn, og han har naturlegvis mange tilhøyrarar. Sigurd er ein enkeltperson, ei menneske i bygda, han har familie, kone og barn.


-Ja! Den eine sidetråden på Rønningen si side sporar av, der Saaroma (finne, feminist og forfattar) med spiss tunge kjem med denne kommentaren det blir vist til ovanfor. Samt at ho viser til «politisk innavl». Somme meiner at Rønningen har kasta opp ballen for den serven, men akkurat det blir uansett berre spekulasjonar. Poenget er at denne kommentaren bli sletta når han oppdagar den, fordi Sigurd har vore sitt ansvar medviten ved at han fjerna kommentaren frå si side, 18 andre har delt den. Og da lurar eg på om ikkje denne delinga er ein vel så stor serve til ei gruppe som fritt kan uttale seg, meir eller mindre sakleg, om ein einskild person.
Og dermed er avsporinga komplett.


-Det var han som begynte, ved å sette fingeren på ei tilsetjingssak?
Det seier dei på leikeplassen også. Og vi gjer ungane ansvarlege, dei er ikkje uskuldige om dei ser at urett blir gjort mot ein medelev, ei medmenneske. I dette innlegget, frå den som skal føre ordet i ei kommune, ser eg teikn på mobbing og hersketeknikkar i jakta på ein syndebukk, i det å skape ein avvikar, i det å dyrke eit sosialt hierarki og klikkdanningar. At ein usynleggjer folk som ytrar seg, ein overser, ein tek ting ut av ein samanheng, ein fordømmer alt denne eine seier (til og med orsakingar), ein påfører skuld og skam og ein set folk opp mot kvarandre.
Ein tek eit val om ein ikkje grip inn også, det lærer vi ungane våre, det bør vi gjere sjølve også.
Dette er i alle fall feige lag. Og det gjer meg kvalm og skamfull og fortvila og skuffa.
Eg forventar ingen tommeltottar for eg forstår at mange ikkje tør, eg forventar berre at vi respekterer kvarandre.


Ruth Maria T. Heimlid, Stryn/Vågå