Gå til sidens hovedinnhold

Dette ønsker barna i Vågå seg

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Elever over hele landet har nylig deltatt på nasjonal avisuke. Elever i 6. klasse hos Vågåmo skule har satt ord på hva de savner i sitt lokalsamfunn. Mange ønsker seg et nytt svømmebasseng. Her er 6.-klassingene sine ønsker for framtida:

Tak over kunstgrasbana

Vi kan trene ute når det er vinter, fordi om vinteren så er det handball, turn og klatring i hallen så da blir det mindre tid til å trene. Men viss vi har tak over kunstgrasbana, så kan vi trene litt lenger og vi kan trene året rundt og dei som har handball og turn kan også trene litt lenger.
Nabil Saleh Omer

I Vågå hallen er det dårleg plass får fotball trening fordi det er både klatring , turn, og handball det er heler ikkje plass til og spille 9er og 11er. Vi i Vågå vil ha tak over fotballbana fordi da kan vi spille kamper og ha treningar året rundt.
Jonathan Flåtten

Politistasjon i Vågå

Eg vil ha politistasjon i Vågå fordi viss nokon har innbrot i huset sitt og ringer til politiet, så tek det alt for lang tid for politiet å kome og tyven har allereie klart og rømme langt. Men politiet kunne allereie ha vore der og teke tyven dersom politiet hadde vore i Vågå. Derfor trenger vi politi i Vågå. Det tek alt for lang tid før politiet kommer og plutseleg blir noen drept på grunn av det! Ein veit jo aldri kva som kan skje. Eg skjøner ikkje kvifor vi ikkje har det allereie? Eg meiner at alle hadde følt seg tryggare.
Alma Eline Valseth

Mindre søppel

Eg vil at vi på skulen skal prøve å plukke opp så mykje søppel vi kan her i Vågå i ei veke, slik at vi kan stoppe klimaendringane og gjere verda til ein betre stad. Sjølv om eg er 11 år gammal vil eg at alle barn skal få eit betre klima. Viss vi ikkje begynner å gjere noko for å forandre verda så kan verda begynne og falle frå kvarandre. Eg vil at alle barn skal være glade med livet og ikkje ei verd med berre ingen ting, eller berre tre, planter, gras og dyr. Vil vi at verda skal sjå ut som ein søppeldynge og at det ligg søppel overalt?
Sebastian

Sykkelbutikk

Eg ønskjer ein sykkelbutikk i Vågå. Der burde ein få lov til å leie og kjøpe. Da kommer mange til å kjøpe syklar frå der. Her i Vågå er det mange stiar ein kan sykle på, derfor vil eg att sykkelbutikken skal ha terrengsyklar, vanlege syklar og downhillsyklar.
Eirik Aasgaard og Ragnhild Sandbu Røe

Sjukehus i Vågå

Eg vil ha sjukehus i Vågå, fordi eg har vore på sjukehuset tre gonger. Og viss vi hadde hatt sjukehus i Vågå trong ikkje folk å reise heilt til Lillehammer for ein operasjon. Og man sparer bensin og i tilleg miliøet.
Adrian Jakobstad Brennsletten

Kjøpesenter

Eg ønskjer kjøpesenter i Vågå. Da slepp ein å kjøpe på nett, og det gjer at det kjem fleire personar til Vågå for å drive butikkane i kjøpesenteret. Dette vil gjera att fleire personar kjem innom, da får man fleire arbeidsplasser og fleire ønskjer å bu i Vågå. Når ein kjøper varar på nett, transporter dei varane og slipper ut mykje co2 i forhold til å kjøpe på butikk. Det blir også pakka inn i mykje plastikk. Eg vil ikkje at det skal være for stort, da blir dei andre butikkane ikkje brukt og kanskje blir dei lagt ned. Men nokre butikkar hadde vore fint i Vågå, for turisme.
Ragnhild Sandbu Røe

Fleire muligheitar for videospel

Dette er ikkje den viktigaste saken, men eg skulle ønskje det var fleire muligheitar for videospel. Det hadde ikkje behøvd å vore noko stort, kanskje berre eit lite møte i Vågåhallen ein gang i månaden. Eg kjenner fleire andre som likar å spele og som kanskje kunne likt det. Det som er synd er at dei eg kjennar ikkje likar dei same spelane som meg, så om man kunne hatt eit slikt gamer-møte kunne man møtt fleire som likar det same som deg!
Tobias Waaktaar-Kahrs

Vi trenger svømmebasseng

I Vågå har oss ingen symjehall. Oss har eit basseng på hotellet, men der er det berre 6 dusjar til saman. Dette synest mange er ei dårleg løysning, noko det klart er. Oss burde få eit nytt tilbod, for om oss hadde hatt eit skikkeleg basseng så kanskje det hadde kome fleire turistar til Vågå. Ein ny symjehall vil også gje eit betre symjeopplæring tilbod til barna i Vågå.
Thea Holen

Eg synes det er alt for dårleg symjeopplæring i Vågå. Det er alt for mange som ikkje kan symje. Vi treng eit symjebasseng kor vi ikkje kan stå så vi kan symje skikkeleg. Vi har krav på skikkeleg symjeopplæring. Viss vi får eit betre symjebasseng/badeland så kjem det fleire folk til Vågå og det gjer at andre kafear osv tjenar betre pga meir turisme.
Vemund

Vi treng faktisk symjehall her i Vågå, det er mange som badar i Vågåvatnet om sommaren og ingen vil at nokon skal drukne. Vi treng skikkeleg symjeopplæring for å bli betre til å symje. Bassenget på hotellet er eit bra basseng, men mange står på botnen på djupet og dei har berre 3 dusjar. Vi vil gjerne ha fleire dusjar og djupare basseng. Det bassenget som er i hallen er eit veldig bra basseng. Det er djupt og har fleir dusjar. Eg håpar vi kan fikse det bassenget, eller så kan vi lage ein ny symjehall. Dei som er 6-7 år er kanskje ikkje så gode til å symje enda, men dette skal dei lære på skulen. Da treng dei betre symjeplass så dei blir betre til og symje. Det er veldig viktig å lære å symje.
Sarah Valbjør

Eg meiner at vi burde ha eit symjebasseng her i Vågå. I Norge skjer det mange drukningsulykker. Kanskje kunne desse vore unngått dersom elevane hadde fått ei betre symjeopplæring. For å få skikkeleg opplæring må du ha eit skikkeleg basseng som du kan lære deg og kontrollere kva du må gjere viss du kjem i trøbbel i vatnet. Eg meiner at vi treng eit basseng som er både lenger og djupare en det vi har i dag, og for fritida til vaksne og ungar.
Oda Lillebråten

Det må snart bli badeland eller liknande i Vågå. Små barn eller skuleelevar må lære seg og svømme på djupt van. Slik det er no har vi bading på hotellet og det er ikkje nok dusjar til alle og på grunn av det, brukar dette mykje av symjetimen vår. Det har blitt eit problem for mange at dei ikkje får den treninga dei treng. Flyte på rygg, dykking og symjing er vanskeleg å lære i eit lite basseng, fordi ein treng god plass og da treng ein eit stort badebasseng.
Ingrid Jonassen

Vi treng svømmehall i Vågå. Viss vi byggjer svømmehall så kjem det kanskje fleire turistar og ser på kor fin bygd vi har. Her i Vågå treng vi svømmeopplæring, vi hadde eit basseng på hallen før, men det vart øydelagt så nå brukar vi svømmehallen på hotellet. Vi får ikkje så mykje tid til å symje for der har dei berre 3 dusjar då må folk vente så lenge. Difor vil eg ha svømmehall i Vågå. Eg ønskjer at det nye svømmebassenget skal vere for turistar og elvar på skulen.
Maria Villa Brimi

I Vågå treng vi betre symjehall med varmt vatn og kanskje eit stupebrett slik at vi får øvd oss på å stupe. Om oss får ein symjehall er det større sjanse for at oss overlever i vatnet og at oss ikkje druknar. Det er morosamt for både store og små med ein symjehall der det er stupebrett og eventuelt nokon sklier og kanskje ein 1-6 meter stupebrett. Eg håpar at det kjem ein betre symjehall snart. Det er det eg ønsker meg i Vågå.
Trym Gården

I Vågå treng vi nytt basseng. Når skulen skal på svømming blir det alt for liten plass i bassenget. Uansett må dei heilt til hotellet for å symje. Garderobane er også veldig små.
Amund

Oss i Vågå har ikkje så mykje å dra på som er morosamt. Eg tenkjer difor at oss burde ha eit badeland i Vågå. Ved sidan av badelandet kan oss ha ein kafé, med varm og kald mat og drikke. Da slepp vi å køyre heilt til Fron badeland for å bade.
Celine Morken Lusæter

I Vågå treng oss eit badeland, for oss må ha betre symjetrening og difor eit større badebasseng. Det burde vere varmt i bassenget og oss burde få gode garderobeplassar og fleire dusjar. Eg ynskjer også stupebrett, så oss kan lære oss å stupe.
Alexander Hanslien

Eg synes det er greitt det oss har på Vågåmo skule. Oss har symjeopplæring og eg trur at kvar klasse har symjeopplæring ein gong i veka og mange på skulen føler at det dumt at den symjehallen oss hadde før den ved sida av kulturhuset den var den beste fordi at da hadde oss meir plass og da kan halve klassa dra dit på symjeopplæring. Nå som den er øydelagt må vi bruke symjehallen på Vågå hotell. Der er det veldig liten garderobe og da kan ikkje halve klassa dra samtidig. Da kan berre ein tredjedel av klassa dra dit. Sjølve symjeopplæringa er bra. Oss, elevane, på Vågåmo skule blir betre til å symje.
Robrat

Vi på Vågåmo Skule ønskjer å ha eit badeland eller eit djupare og større basseng her i Vågå, slik at vi får betre symjeopplæring. Det er det mange som har lyst til fordi det er mange som vil bli betre på å symje. Det er mange som slit med å symje og dei treng eit større basseng å ha symjeopplæring. Det er ikkje noko poeng å ha symjeopplæring når det skal vere eit så lite basseng. Det er mange ulykker i vatnet. Det er fordi folk ikkje har fått bra nok symjeopplæring. Når du har fått bra nok symjeopplæring så klarer du å kontrollere deg i vatnet om noko skjer.
Tiril Ryen

Eg ynskjer ny svømmehall i Vågå fordi vi må lære oss og symje. Det er betre med ein stor svømmehall en den på Vågå hotell. Da kan vi symje lengre distanser og vere fleire i svømmehallen. Vi kan lære betre viss vi har større plass til å symje.
Mie Vårdal

Symjebassenget på kulturhuset i Vågå må bli fiksa fordi da kan vi ha symjing på skulen og det er mykje større basseng enn på Vågå hotell. Viss det blir fiksa, så slepp vi og bruke tid på og gå til hotellet. Bassenget på kulturhuset er djupare så vi kan lære å stupe og bli betre til symje på djupa. Viss vi får eit større å djupare basseng så kan vi klare å kontrollere oss i vatnet viss noko skjer.
Sander Andersbakken Fresvik

Vi har ikkje svømmebasseng i Vågå. Vi treng svømmeopplæring på skulen. Vi kan ikkje gjere det viss vi ikke har svømmebasseng og det er berre tre dusjar. Det er for dårleg. Politikarane seier at vi har krav på svømmeopplæring, men vi har ikkje bra nok basseng.
Iver

I Vågå har vi ikkje godt nok tilbod i symjeopplæringa. Vi bruker symjebassenget på Vågå hotell, men dette er ikkje bra nok. Det er kanskje litt for grunt og for lite til å lære å symje bra. Kanskje kunne vi bygge eit badeland med sklier, stupebrett, leiker og boblebad. Da kunne vi fått turistar til bygda også.
Helma Øihusom Kleiven

Svømmeopplæringa i Vågå er for dårleg. Det er for lite basseng og det er 3 dusjer i kvar garderobe. Når vi er på svømming, bruker vi mye tid på å dusje. Vi har ikke vårt eget badebasseng. Det er på hotellet i Vågå. Politikarane seier at vi har krav på god svømmeopplæring. Vi synes det er for dårleg av kommuna. Vi i Vågå ynskjer oss ein ordentlig svømmehall. Vi ynskjer oss stupetårn slik at vi kan lære oss å stupe.
Sigurd Tessneset Barkenæs og Teodor Valdvik Bakken