Før covid-19 var det ein stor diskusjon verda rundt om digitalisering av skuleelevar. Vi to hugsar svært godt to føredrag halde i Vågå av ein pedagog invitert av skuleleiinga. Ho overbeviste tydelegvis omtrent alle i salen om at vi ikkje treng bekymre oss for ungane våre sin bruk av skjerm og mobiltelefonar, og at skulane våre skulle lære ungane våre nettvett.

Nå, ca. 1 1/2 år etter nedstenginga av samfunnet, inkl. av skulane, ser vi klart og tydeleg at ungane våre slett ikkje har lært nettvett, korkje på skulen eller heime. Ingen har heller klart å lære dei at skjermbruk og trådlause nettverk kan skade dei både fysisk og psykisk. FELO (Foreningen for el-overfølsomme) listar opp plager som hovudpine, søvnproblem, ledd- og muskelsmerter, depresjon, stress, konsentrasjons- og hukommelsessvikt, og dessutan auge/synsplager. For nokre få veker sidan las vi i GD at talet på unge som slit med søvnvanskar og som brukar smertestillande medisinar p.g.a. hovudpine og muskelsmerter har auka drastisk dei siste ti åra. Det vart ikkje gjeve noko forklaring på desse problema.

-Vakn opp, folkens! Bruk av skjerm og trådlause nettverk, særleg smarttelefonar, har òg auka kraftig blant unge dei siste ti åra! Altfor mange av oss vaksne, både heime og på skulen, har svikta ungane våre på dette området, og ein betydeleg del av den yngre generasjonen vår er i ferd med å skadast.

Det er heller inga hjelp å få frå myndigheitene. Til dømes har det statlege skulesystemet gjort digital undervisning obligatorisk frå 1. klasse, og det forventast at ein aukande del av skulearbeidet skal gjerast på datamaskin. Vi har lenge halde på eit trådlaust og nesten skjermfritt miljø i heimen vår, noko vi er overbeviste om at gjev både ungen vår og oss sjølve ein tydeleg fordel. Dessverre opplever vi nå sjokkerande nok at fasttelefonen vår snart vil bli teken ifrå oss, og med han den stabile og ufarlege internettilkoplinga vår.

For oss som av ulike grunnar ikkje ønskjer å bli digitaliserte, og som ikkje har smarttelefonar og ikkje brukar sosiale media og i tillegg prøvar å unngå trådlause nettverk, byrjar handlefriheita å bli meir og meir innskrenka. Vi ser at dei eldste og mest sårbare i samfunnet, d.v.s. personar som ikkje kan eller vil blir digitaliserte, fell meir og meir utanfor.

Det sosiale digitaliseringspresset er òg enormt; snart kan ein ikkje møte andre utan å bli avbrote av ukontrollert, forstyrrande telefontitting. Folk er så opptekne av å hengje med på telefonane sine at dei gløymer (?) å tenkjer over kva andre omkring dei tykkjer om det. Med andre ord blir folk meir asosiale, sjølvopptekne og uempatiske, og kva godt gjer vel det for mellommenneskeleg samhandling og samfunnet elles? Er det slike vi vil at ungane våre skal bli, d.v.s. dei som ikkje blir alvorleg skadde av dei fysiske og psykiske plagene vi allereie har nemnt?

Det er på høg tid at vi riv oss lause frå skjermane våre og tek betre vare på kvarandre. Men sidan dette ikkje kjem til å skje, ber vi om at personar som har myndigheit til det legg til rette for eit trådlausfritt og mest mogleg skjermfritt tilvære for barn og ungdom, og dessutan for andre som har behov for det.

Randi Bjørnstad og Joseph Hood, Vågå