Distriktsmelding for Innlandet?

Av
DEL

aktuelt

Kommunal- og moderniseringsdepartementet la endeleg fram meldinga om framtidas distriktspolitikk fredag 18. oktober. Det står at den legg vekt på at det viktigaste for eit levande lokalsamfunn i heile Norge er eit næringsliv som held oppe og skapar lønnsame arbeidsplassar. So far, so good, som dei seier i utlandet. Men kvar er Innlandet i denne distriktsmeldinga?

Det står litt om det dei seier er etablerte næringar, som maritim, olje og gass, fiske, havbruk og reiseliv, og det blir peikt på at for framtida er næringar som bioøkonomi og havvind viktig. Bioøkonomi, som er jord- og skogbruk, har vi drive med i 10 000 år allereie. Den er viktig for Innlandet, og det er sjølve grunnmuren for distrikta våre. Det same gjeld reiseliv. So far, so good, men meldinga seier ikkje noko om korleis det skal satsast på dette?

Meldinga peiker på effektive og moderne statlege tenester, lokalisering av statlege arbeidsplassar og kommunesamanslåing. I samandraget blir det også vist til fleire tidlegare utgreiingar og stortingsmeldingar og nye utgreiingar som skal kome og utval som skal settast ned.

Det regjeringa peikar på som viktigast innleiingsvis, næringsutvikling, skal det også settast ned nye utval for. Eit utval som skal ha ein heilskapleg gjennomgang av det næringsretta verkemiddelapparatet. Eit anna som skal greie ut om næringslivet si betydning for levande og berekraftige lokalsamfunn. Kor lenge skal vi vente på desse utgreiingane? Kva vil desse nye utgreiingane føre til?

Det er sikkert mange gode intensjonar med meldinga, men det er veldig mykje prat og lite handling. Det er stort sett peikt på det som er bra og ein form for status, men lite på kva som kan gjerast betre. Den 27. mai hadde Fjellnettverket den årlege fjellkonferansen på Geilo. Dit kom også ein statssekretær og fortalde om regjeringa si jobbing med distriktsmeldinga. Dei innspela som kom der ser vi lite til i meldinga. Ordet «fjell» trur eg knapt er nemnd.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet i det nye fylkestinget har ein politisk plattform for denne perioden som er tydeleg på at vi må jobbe for både bygd og by. Innlandet er mykje distrikt med fjell og dalar. Derfor er det viktig kva regjeringa har av satsingar på dette, og kva rammevilkår dei legg til grunn for næringslivet.

Våre naturressursar er vårt gull. Ei analyse frå Sintef om moglegheiter innan bioøkonomi i Innlandet seier at om vi satsar rett skal vi kunne få ei auka verdiskaping på 20 mrd. kroner og kunne etablere 25 000 nye arbeidsplassar i Innlandet mot 2050.

Vi ynskjer ei satsing for å få ein auka produksjon av fornybare råvarer basert på lokale ressursar også i eit klimaperspektiv. Vi må ha ein aktiv og desentralisert næringspolitikk som bygger opp under den enkelte region sitt fortrinn. For distrikta vil det i stor grad vere bioøkonomi som er jord- og skogbruk, reiseliv med fokus på mat, kultur, opplevingar og destinasjonsutvikling. Men vi skal heller ikkje gløyme små og mellomstore bedrifter si betydning for distrikta. Vi har gode industrimiljø fordelt over heile Innlandet som leverer varer i verdsklasse! Desse skal vi heie på vidare og legge til rette for nye som ynskjer å etablere seg.

Skal vi få til dette trengst det handling meir enn ord. Når meldinga peiker på at fylkeskommunen gjennom regionreforma skal få større ansvar for oppgåver og verkemiddel som er viktige for å legge til rette for arbeidsplassar, vekstkraft og auka busetjing i distrikta, forventar vi handling som gjer oss i stand til dette.

Aud Hove, fylkesvaraordførar (Sp) i Innlandet

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags