Det var måndag kveld to personar vart funne døde i eit bustadfelt like ovanfor Otta sentrum. Ein mann i 40-åra er sikta for å teke livet av ekteparet i åttiåra.

Dei drepne er obdusert onsdag og politiet avventar rapport frå rettsmedisinsk institutt.

Det har vorte gjennomført avhøyr med den sikta onsdag, opplyser politiet i ei pressemelding.

– Vi går ikkje inn på kva den sikta har forklart. Den sikta ynskjer ikkje å ta stilling til spørsmålet om han erkjenner straffskuld for å ha begått drapa, opplyser politiadvokat Julie Dalsveen.

Det blir jobba med å utnemne ein sakkunnig for å gjennomføre ei rettspsykiatrisk undersøking av den sikta.

– Det er mange etterforskingsskritt som blir utført parallelt nå, og det er mange som arbeider med saka, seier Dalsveen i meldinga.