Gå til sidens hovedinnhold

Dronningsetra – Frå konflikt til gladsak

Artikkelen er over 1 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Ideen om å byggja ei ny sjølvbetent DNT-hytte på vestsida av Gudbrandsdalen vart, så langt vi kjenner til, lansert for om lag 10 år sidan. Vi er også kjende med at denne idéen, etter ei mogningstid, kom over i ein meir reéll planleggingsfase frå 2014.

Tanken bak eit slikt prosjekt, synest heile tida å ha vore å skape ny verksemd i eit område, som ofte har vorte kalla «Jotunheimens Forgård». Ei slik satsing ville da samstundes òg kunne vera eit godt bidrag til ei positiv utvikling for Noreg si høgastliggjande fjellbygd, Skåbu. Difor har Skåbu bygdautvalg, heilt frå starten av, vore positive til det som heldt på å skje.

Infomøter og synfaringar frå hausten 2015 og gjennom 2016 førte fram til val av tomt. Etter dette starta dei fyrste rundane med godkjenning av planene, gjennom ulike kommunale organ på våren i 2017, med godkjenning av punktfeste for tomt på Statskog SF sin eigedom, og med endeleg dispensasjon frå arealdelen til Nord-Fron sin kommuneplan, våren 2018 (såkalla rammetillatelse). Med dette hadde DNTG alle formalitetar på plass og kunne, ut frå dette, starte bygginga av den nye hytta. Finansieringa hadde dei også fått ordna med.

Men så, på hausten 2019, tok det til skje noko som gjorde det vanskeleg for DNTG. Vanskane oppstod som fylgje av ei rad miljøfaglege innspel, både frå grunneigarar og ikkje minst frå ulike organisasjonar, der dei gjekk sterkt imot bygging på den tomta som var vald. Særleg var innspela sterke frå ornitologisk hald, der det vart peika på dei unike områda for sårbare og utryddingstruga fugleartar, i nærleiken.

Skåbu bygdautvalg såg også, etter kvart, det uheldige i å bygge DNTG si hytte på tomta dei hadde vald, og som dei hadde fått klarsignal for å nytta. Bygdautvalget var likevel, framleis, udelt positive til bygging av den såkalla «Dronningsetra». Løysinga måtte difor, etter vår meining bli, å finna ei ny tomt. DNTG sto likevel, innleiingsvis på sitt, ut frå det faktum at dei hadde alt det formelle og lovmessige «på det turre». Dei fann likevel å ville gå nokre ekstra rundar, blant anna med Fylkesmann og DNT sentralt.

Den 29. april 2020 kom gladmeldinga. DNTG hadde snudd og ville finna ei ny tomt for den nye hytta si. Dette står det respekt av. Vi i Skåbu bygdautvalg er sikre på at denne avgjerda vil tene DNT både lokalt og sentralt. Vi har også tru på at bygging av den nye DNT-hytta vil tene Skåbu som lokalsamfunn, og vi imøteser effekten av denne satsinga.

Når DNTG nå skal i gang med å finna ei ny tomt til «Dronningsetra», vil vi i Skåbu bygdautvalg sterkt oppmode om at dette blir gjort på ein mest mogeleg inkluderande måte. I tillegg til den reint formelle delen, må det leggjast til rette for at alle, som på ein eller annan måte har interesser i denne saka, kan få vera med. Etter Skåbu bygdautvalg sitt syn, er det særs viktig at folk med naturfagleg kompetanse kan få koma inn med sine råd, før det endelege val av ny tomt blir gjort. Dette kan til dømes sikrast gjennom breie høyringar og ved synfaringar.

Johnny Berglund, leiar, Skåbu Bygdautvalg