Dugnad for å redde norsk varehandel

- Det kostar det same å sende post frå Kina til Røros som frå Oslo til Røros, på grunn av ein gamal avtale som starta då Kina var eit utviklingsland, skriv Knut Hovland.

- Det kostar det same å sende post frå Kina til Røros som frå Oslo til Røros, på grunn av ein gamal avtale som starta då Kina var eit utviklingsland, skriv Knut Hovland. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg 

No handlar forbrukaren meir på nettet. Det kostar det same å sende post frå Kina til Røros som frå Oslo til Røros, på grunn av ein gamal avtale som starta då Kina var eit utviklingsland. Kanskje på tide å endre denne? Og kva med det store CO2 avtrykket på denne type handel?

No er Zalando og Amazon dei store vinnarane i marknaden, journalistar har infiltrert begge firma og avslørt forferdelege arbeidsforhold i Tyskland og England, som vi nordmenn slepp å stri med. Men ynskjer vi at andre skal ha det slik?

No er det komme fram at mykje av returane til Zalando blir brent då det blir for dyrt å legge varene tilbake i systemet. Kva CO2 avtrykk gir dette? Og ikkje minst kva overforbruk av jordas ressursar representerer ein slik type handel? Er det slik vi ynskjer at samfunnet vårt skal organiserast? Butikkvindauga blir svarte, husa blir nedslite i bygd og by når inntektene blir borte. Fagkunnskap innan ulike handelsfag forsvinn. Reparasjonar, opplæring og service blir umogleg. Butikk gir ofte ungdomar den fyrste arbeidserfaringa.

Det er og ein viktig arbeidsarena for dei med lite utdanning.

Om folket no i desse Koronatider veljar nettet framføre lokalbutikken så forsvinne dette. For å dra det heilt ut så redusera du verdien på ditt eige hus, på ikkje å bruke lokalhandelen. Når folketalet går ned blir færre interessert i hus!

Kva gjer våre lokale politikara med dette? Då det blei innført ei 350-kronersgrense, protesterte mange. Politikarane hevda at aukinga frå 200 til 350 kroner ville ha liten effekt. Det gjekk som forventa, vi fekk ein flaum av toll og avgiftsfrie varer, og ein urettferdig konkurranse. No blei denne grensa fjerna, men det blei innført ei ny og nok ei konkurransevridande 3000-kronersgrense. Med tollfritak som fyrst og fremst vil ramme sko og tekstilbransjen.

Sverige og Danmark er opptatt av å bevare arbeidsplassane innan handel. I Sverige tilpassar ein avgifter på blant anna alkohol for å demme opp for import frå Danmark. I Danmark ditto mot Tyskland.

Mens vi i Norge har justert avgifter etter konsumprisindeks har avgiftene i Sverige stått stille. På denne måten har gapet auka og resultata ser vi tydeleg. I tillegg har dei no på svensk side redusert avgifta på øl slik at ein ølboks vil koste 6.90 svenske kroner.

Prisskilnaden er meir enn dobla på disse ti årene. Dette er ein gåvepakke til svensk handel som har auke sysselsettinga. Handelen frå nordmenn auka i tredje kvartal 2019 med 15,1 % mens talet på dagsturar over grensa auka med 20,7 %. Vi la igjen 17,6 milliardar norske kroner i fjor. Kor mange arbeidsplassar ville ikkje desse kronene skapt i Norge?

Kva med miljøeffekten? Berre CO2-avtrykket av bilkøyringa utgjer at 20.000 bilar konstant går på tomgang i året. Ifølgje Virke har grensehandelen auka seks gonger så mykje som norsk daglegvarehandel totalt. Tidlegare finansminister Siv Jensen uttalte at grensehandelen er ein fordel for forbrukarane. Ho kjem frå «røyk og drikk så mykje de vil partiet», men skal det vere leiestjerna for korleis vi lever?

Næringsministeren sa at det er andre avgifter som det er viktigare å få ned enn avgift på alkohol og varer vi handlar på grensa. Så då er ikkje 360 000 arbeidsplassar så viktige?

Mange har sett disse skeivheitene lenge, med Korona på toppen vil dette slå ut mange norske arbeidsplassar. Med transportselskap, produsentar, grossistar, designarar osv. Då snakkar vi om ein bransje som gir 5–600 000 arbeidsplassar

Får vi ikkje endra politikken, vil norsk varehandel og bysentera snart ligge med broten rygg. Kva gjer vi då med den store arbeidsløysa Nei, la oss handle lokalt av omsyn til miljø og økonomi.

Knut Hovland, Vinstra

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken