Gå til sidens hovedinnhold

Eg håpar inderleg at skulane og andre melder seg på i motstanden mot sal og utbygging

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ja, det bør bli kamp. Ikkje fordi det er ei «tomt», men fordi det er ein skogteig med Øyer ungdomsskole og Solvang barneskole som næraste naboar. Og det er langt til neste skog. Skog bør ein ha tett på skular og barnehagar – både for leik, tur, oppdaging og læring. Og i Øyer er vi heldige som har nettopp det – foreløpig. Eg trur den mest truga naturtypa i Gudbrandsdalen er sentrumsnære skogar, fordi politikarar flest ser på slike som «utbyggingsareal på vent» – altså som attraktive tomter.

På kartet for kommunedelplanen som gjeld i dag (frå 2007) er denne skogen rett nok avsett for «Offentlige bygninger», truleg med skule og oppvekst som viktige føringar.

Nyleg presenterte www.forsking.no eit arbeid om kor viktig naturen er for læring (Barn lærer best i naturen – hvis de voksne følger opp (forskning.no). Men då må det vere natur og skog nær skulen og barnehagen, og den skogen bør reknast som eit «grønt klasserom».

I løpet av siste 10-året i Øyer sentrum, har fellesareal med naturleg skog minka radikalt. På søre del av friområdet ved idrettsplassen vart skogen hoggen og erstatta med fotballbanar, bustadtomter og ein asfaltert leikeplass. Det er generelt låg terskel i bygdenoreg for å ofre nærskogar til utbygging; «skog og natur har vi då nok av». Nei vi har ikkje det – særleg ikkje i den lange flatbotna Gudbrandsdalen, der alt skal pressast inn i nettopp dalbotn.

Og ein kan nemne langt meir enn læringsnytte av skogen. Få miljøkvalitetar er viktigare for folkehelsa enn nettopp nærskogar med stiar og turvegar – langt viktigare enn friluftslivet på fjellet. I sommar har Øyer kommune fronta utfordringane med aldring, omsorg og økonomi. Dei gamle blir fleire og må bu lengre heime. Gjerne det (eg er ein av dei), om helsa held. Kommunen kan gjere mykje for å få folk til å bruke kroppen: lag trivelege ferdselsvegar for tur og nytteformål.

No har dagens kommunestyre i Øyer vist gong på gong, at dei vågar upopulære avslag på byggesøknader, nettopp i påvente av ny Kommunedelplan Sør. Denne gongen ser fleirtalet ut til å gå mot eige prinsipp, og gjere vedtak om sal til utbygging, før KDP Sør er på plass. Eg håpar inderleg at ungdomsskulen og barneskulen, FAU og andre melder seg på i motstanden mot sal og utbygging – i alle fall til den nye kommunedelplanen er på plass. Dei markerte motstand i vår, og vart høyrt. Då var det snakk om å bygge der det i dag er leikeplass, fotballbane mm ved ungdomsskulen. No gjeld det skogen rundt. Eg håpar politikarane i Øyer stemmer slik kommunedirektøren har innstilt: Utset saka til KDP Sør er klar og vi har fått ei breiare drøfting av alternativa!

Odd Inge Vistad, Øyer

Kamp om attraktiv tomt i Øyer sentrum