Gå til sidens hovedinnhold

Eg samlar all uvetskapen og vandalismen i eit ord: Lomoen. Dei fargerike klossane tener for meg ein ideologi der berre rå, kapitalistiske krefter styrer. Og dette er, mistenkjer eg, berre byrjinga.

Artikkelen er over 2 år gammel

debatt Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Det er presten Ivar Mortensson Egnund frå Alvdal, som har skreve bondens og dølens verkelege nasjonalsong. Vi er fødde med ski på beina, men med Mortenssons song på tunga: «Flaumen går, i Norge er vår og dølan er det som rår.»

Men vi, på vår side av fjella slår attende med Olav Aukrust og Gudbrandsdalen ljosnar. Eg trur faktisk vi har fleire ljos på vår side av Rondane.

Slike kjempekvad la tuftene for det som nå er blitt det enorme moteordet over det meste av verda: Identitet. Eg trur Trygve Slagsvold Vedum har det med i kveldsbøna. Det er ingen tvil om at dette ordet er eit av kjerneorda bak eksplosjonen til partiet hans.

Politiske allvitarar over heile Europa og USA, slår fast at identitetsomgrepet ligg i botnen til den politiske framgangen til dei kjende populistiske partia og personane. Det har heilt sidan romartida tydd Likt eller likskap, men det er likevel overraskande, for det er knapt to forskarar og politikarar som legg den same meining i det.

Det vi kan slå fast, er at kvart menneske lever med eit utal identitetar. Som Thomas Hylland Eriksen treffande skriv: «Det er som konvekse sirklar, den eine utanpå den andre, heilt frå kjernefamilien.»

Slike problem bør danne kjernen når den lokalhistoriske kremen i dalen, som tradisjonen byd, møtes til det årlege Gudbrandsdalsseminaret på Maihaugen onsdag. Vi står jo andsynes eit tidsskifte frå Kongsvinger til Bjorli. Hovudinnlegga og debatten skal, forstår eg, dreie seg om kva Dalen si rolle og Identitet skal vera i fjellriket. Vi treng ikkje tvila på at den tiltenkte rolla blir stor. Kva slags identitet finns det i aude skogar, bortsett frå ulvehat hos nokre trassige bønder som ikkje vil flytte lenger enn over ei elv.

Men kva slags innehald skal vi leggje i omgrepet denne gongen? Det var ingen sak da Sigurd Grieg og Ivar Kleiven bestemte over dølakulturen. Nå verkar meir som om store skarer av dølar, på alle sider av alle fjell, har ein sams identitet: Profilen på Facebook. Eller kanskje livet vårt et bunde til det vakraste fjellet og den beste grenda i verda, og det er der vi bur. Det vil vere ein av våre inste identitetar.

Da eg vaks opp, var eg så i eitt med heltane hos Jacob Breda Bull at eg gret med Jørund smed. Da eg dreiv idrett var vi einige og tru om å hate alt som hadde opphav i Lillehammer. Identitetane mine var heilage – heilt til eg byrje å samle kunnskap.

Det er i alle falle eit faktum at det finst to svært ulike identitetar: Den eine er bunde til landskapet, det naturlege og det mennneskeskape. Den andre kulturell og intellektuell og inneheld ei, meir eller mindre sann, forteljing om Sinclair og resten av historia vår.

Det triste faktum er at våre unge står meir og meir framande for den slags identitet; han har ingen knapp på smarttelefonen.

Eg var ein gong ein naiv døl. Eg kjempa i brodden mot rovdyra og trudde eg hadde heile bygda med meg. Sanninga var og er, som prova av samfunnsvitarar, at opp til halvparten av folk i visse «ulvebygder», vil ha ulv. Så uklår kan trua vår vera.

Men mykje større skade har dølasjela mi teke av den intense innsatsen vi i dei seinare åra har gjort for å øydeleggje det som gudelege og menneskelege skaparhender har, ofte med stor kjærleik, har tømra og smidd i hop.

Eg samlar all uvetskapen og vandalismen i eit ord: Lomoen. Dei fargerike klossane tener for meg ein ideologi der berre rå, kapitalistiske krefter styrer. Og dette er, mistenkjer eg, berre byrjinga.

Eg vonar at kunnskapsrike og fornuftige dølar, som ikkje heilt har seld identiteten til Biltema, viser ein veg som ikkje berre har midtdelarar og tunnelar.

Hylland Eriksen spør, kanskje ikkje i fullt alvor: Treng vi nokon identitet?

Les også: Kan et seminar gi svaret på hva Gudbrandsdalen er?