Gå til sidens hovedinnhold

Ei dame, ein bursdag, og vips så fall nysnøen muntert over Aulestad att

Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dei som meiner at kulturen rundt oss berre gror fram gjennom politiske vedtak, rullerande handlingsplanar og det som elles måtte vera av store ord ved store høve, kan gøyme seg.

Ja, eg meiner det. Det er kanskje respektlaust å seie, men eg tenkjer dei kan gøyme seg og kome fram att når snøen smeltar. Vi veit det frå før. Vi veit korleis Peer Gynt ved Gålåvatnet starta. Vi veit korleis kulturarenaen Rudi Gard vart til. Norsk Litteraturfestival Sigrid Undsetdagane sin spede start, veit vi er ei fantastisk forteljing om godt gründerskap og glød.

Og no ser vi kimen til noko nytt på Aulestad frå kjelder som liknar.

Sjølv om vi er grytidleg i leiken og ikkje kjenner korkje utfall eller omfang, er det grunn til å applaudere.

Denne gongen startar historia med at vår lokale teaterdiva, Mona Lie Thommessen, i høve 90-årsdagen sin, oppsøker museumskonsulent Bente Forberg på Maihaugen med ein idé ho brenn for. I god tid før dagen sin gjer ho det.

Ho går til Bente fordi ho veit at ho etter mange års arbeid har hjarte for diktarheimen på Aulestad. Med seg i veska har jubilanten noko ho vil presentere. For det første vil Lie Thommessen feire dagen sin med å sette opp Bjørnsons komedie «Geografi og Kjærlighed». For det andre vil ho at oppsettinga skal vera starten på Aulestad scene. Slik vil ho gje liv og vitalitet til ein diktarheim som i meste laget har vore domene for handverkarar og konservatorar dei siste åra. Og som kan hende har tapt mot ei museumsleiing som ikkje har vore særleg opptatt av å gje satelittane sine autonomi.

Med ein statsfinansiert kulturkolloss i vår midte bør vi sjå meir av dette framover.

Den godt vaksne gjesten survar ikkje over det som har vore. Ho ville ha ting til å skje no.

Det lukkast ho med. Den nye museumsleiinga grip ideen, og førre laurdag feira ho dagen sin med lukka premiere. Gjestane hennar fekk sjå Bjørnsons kjente komedie frå 1885. I drengestua på Aulestad.

Ei intim scene med om lag 40 sitteplassar og ein strålande teatergjeng, sikra at suksessen heldt fram, med open premiere søndag og framsyningar veka til endes. Stort!

Det som også er stort er at Aulestad scene er ein realitet og at museet har ein tanke om å opne seg for bygda, for byen og for dalen. Slik jubilanten tenkte. Alt med sikte på å skape lokal forankring og lokal kraft så vidt vi forstår. Aulestad har scene-alternativ både inne og ute. Bustaden, vognskjulet, Folkestua, stalltrevet, låven, tunet, hagen og amfiet. Alt er i topp stand og alt kan nyttast. Samla representerer det ein kulturarena som få stader har maken til.

Ikkje minst for gausdølane gjeld det no å bli med på moroa og sjå kva lokalt kulturliv kan bidra med og kva dei kan få attende. Kan ei dramatisering av Bjørnsons bondeforteljingar vera det neste som gir nerve til diktarheimen? Kven blir med på det prosjektet? Her er mykje å ta av, og alt treng vel ikkje kome frå Bjørnson sine manuskript heller.

Med ein løfterike start frå eit eminent amatørteater og gode intensjonane frå ny museumsleiing, har vi tru på at lokalt kulturliv har fått ein ny, aktiv medspelar. I ei tid med sviande kutt i kommunale kulturbudsjett er dette godt nytt. Med ein statsfinansiert kulturkolloss i vår midte bør vi sjå meir av dette framover.

Det som også er stort er at Aulestad scene er ein realitet og at museet har ein tanke om å opne seg for bygda, for byen og for dalen.

På Aulestad vil det no i helga handle om å sikre oppslutning om julemarknaden som er attende etter eit par års opphald. Mange har sakna aktiviteten der. Å ta Aulestad heim og skape band til nærområdet må vera målet. Og da må ein sjølvsagt passe på medan «sneen er munter» og «skogen er den største skøyter i sin forkledning», for å bruke diktarens eigne ord.

Dei vart referert sist veke i samband med introduksjonen av «Geografi og Kjærlighed». Bjørnstjerne Bjørnson skreiv om sitt muntre humør i ein sprudlande invitasjon til vener i utlandet.

Ikkje minst for gausdølane gjeld det no å bli med på moroa og sjå kva lokalt kulturliv kan bidra med og kva dei kan få attende.

Så veit vi at det magiske landskapet kring eit av landet best bevarte diktarheimar ikkje er stort annleis i dag. Så da gjeld det vel berre å stemme sinnet med bjørnsonsk begeistring, og sende gode tankar til ei 90 år gamal dame som skapte bevegelse på bursdagen sin. Tenk så fint.

God Aulestad-helg til alle.