Det einaste eg ser som kan stabilisere folketalet i Nord-Gudbrandsdalen, er ein flyplass på Tolstadåsen i Vågå. No må framsynte og visjonære politikarar og næringslivsleiarar i regionen, med pondus, kraft og vilje, samarbeide om å få bygd ein flyplass i norddalen.

I Gudbrandsdalen kan ein bu romsleg, trygt og godt i storslått natur. Men dette er ikkje nok til å få tilflyttarar og tilbakeflyttarar til dalen – ein må også kunne tilby spennande og relevante jobbar i eit miljø prega av mangfald.

I åra framover vil det i Nord-Gudbrandsdalen totalt sett truleg ikkje bli fleire som jobbar i kommunane, eller innan landbruket. Ein må derfor legge til rette for at det skal bli skapt nye heilårsarbeidsplassar i det private næringslivet. Det som verkeleg kan vere ein pådrivar til dette, er ein flyplass på Tolstadåsen. Ein flyplass der vil også opne opp for etablering av fleire statlege arbeidsplassar i regionen.

Flyplassen skal ikkje byggast berre for dagens næringsliv, men for det som skal kome. Mange av jobbane som eksisterte for tjue år sidan, eksisterer ikkje i dag, og mange av dagens jobbar vil ikkje eksistere om tjue år. Endringane i næringslivet går stadig raskare. Nye arbeidsplassar vil i åra framover bli skapte rundt om i landet som følgje av det grøne skiftet. Nord-Gudbrandsdalen må få sin del av desse arbeidsplassane. Ein flyplass på Tolstadåsen vil, saman med eit godt utbygd breiband, gjere det mogleg å vere tilsett i til dømes eit teknologiselskap men hovudkontoret i ein av våre større byar, og samtidig bu i Nord-Gudbrandsdalen og ha heimekontor eller vere knytt til eit kontorfellesskap. Ein flyplass vil gjere det enkelt å dra på dagsturar til hovudkontoret, kundar eller andre.

Det er mange gudbrandsdølar som vekependlar, og da ofte til Oslo-området. Men Noreg er så mykje meir enn Oslo-området. Ein flyplass på Tolstadåsen vil gjere det vesentleg lettare å bu i Nord-Gudbrandsdalen og pendle til arbeid på anlegg rundt om i heile landet, eller til arbeid offshore eller til sjøs. Av eiga erfaring veit eg at reisa frå Gardermoen til Nord-Gudbrandsdalen er lang og tung etter ein krevjande arbeidsdag eller -veke. Ein flyplass på Tolstadåsen vil kunne gjere noko med dette.

Elfly vil om få år gjere det å flyge til ein av dei mest klimavennlege måtane å reise på. Konsernsjefen i Avinor, Abraham Foss, seier i Teknisk Ukeblad 07/21 at Avinor saman med flybransjen, har ein ambisjon om å elektrifisere kortbanenettet innan 2030, og eit nullutsleppsscenario innan 2050. Foss meiner vi kan sjå det første elektriske ruteflyet i Noreg allereie om fem år.

Rett nedanfor Tolstadåsen ligg kraftverka Eidefossen og Nedre Otta. Desse kan levere rein og fornybar energi til flyplassen – energi som på sikt kanskje også kan nyttast til småskalaproduksjon av hydrogen, ein av framtidas energiberarar som er aktuell for større fly.

Ørsta-Volda lufthamn er 50 år i år, og flyplassen har vore til glede og nytte for næringslivet, det offentlege og folk flest i alle desse åra. Frå ein starta planlegginga av flyplassen, og til den vart opna, tok det berre tre år. I Nord-Gudbrandsdalen har flyplass-saka veksla mellom å vere på og av agendaen sidan 80-talet. For å skape optimisme og positiv utvikling i regionen, må vi no få bygd ein flyplass på Tolstadåsen, for som det blir sagt: Ein kilometer med veg tek oss ein kilometer, medan ein kilometer med rullebane tek oss kor som helst.

Øystein Skarset, Lom