Solidaritet. Smak på ordet. Skulder ved skulder. Menneskeverd og likeverd. Rettferd. Din kamp gjeld meg, og min kamp gjeld deg.

Det er straks eitt år sidan vi såg dei fyrste samfunnsmessige konsekvensane av ein virus som spreidde seg rundt heile jordkloden. Om vi ikkje visste før, kor global verda vår har vorte, har vi fått oppleve det i året som har gått. Om vi skal greie å nedkjempe ein virus «hjå oss» er vi avhengige av at dei andre nedkjempar same virus «hjå seg». Din kamp gjeld meg, og min kamp gjeld deg.

Det er ikkje fyrste gongen vi har fått merke at vi er avhengige av kvarandre, men andre hendingar har vi lettare kunne oversjå her nord, eller til og med bortforklare: isen i dei arktiske områda våre smeltar, mangel på vatn i delar av verda, konfliktar som sender menneske på flukt frå heimane sine. Gjeld det meg?

Vi finn i alle dei største religionane i verda eit kall til nettopp dette: la den andre sin situasjon angå meg. Å gi almisser nemnast i buddhisme, hinduisme, islam, jødedommen og kristendommen. Og kvifor? Fordi vi menneske er gjensidig avhengige av kvarandre. Å innsjå det, er å innsjå sin eigen plass i verda.

I kristendommen er fastetida – tida frå fastelavn til påske – ei tid kor vi skjerpar blikka våre: Kven er det som kjempar no, og korleis kan eg vere solidarisk med dei? Kyrkjas naudhjelp er ein organisasjon som arbeider med dette året rundt. Med deira 60 år lange erfaring arbeider dei spesielt med å få fram reint vatn til folk i mange land, eit arbeid som er viktig, ikkje minst med tanke på å nedkjempe Covid – 19.

I Den norske kyrkja gjer vi ein ekstra innsats i fastetida for å støtte Kyrkjas naudhjelp sitt arbeid. Å vere opptatt av den andre sin situasjon, særleg når den er langt unna, og tilsynelatande ikkje vedgår mitt liv, må stadig lærast, og praktiserast av nye generasjonar. I solidaritet har konfirmantar og andre samla inn pengar til inntekt for Kyrkjas naudhjelp. I år som i fjor, vil smittesituasjonen lokalt avgjere om det er forsvarleg å sende ut konfirmantane med bøsser. Uansett om du får besøk på døra eller ikkje, kan du vise solidaritet ved di gåve til Kyrkjas naudhjelp. Ei gåve er ei påminning om kor avhengige vi er av kvarandre, vår solidaritet. Takk til alle som vil vere med!

Solveig Fiske, biskop