Eidsiva-fusjonen: Rift i fingeren eller kronisk bløding?

Innlandet bør ha blødd ifrå seg, for mye over halvparten av den krafta som blir til i i Hedmark og Oppland er alt gått til Oslo og andre sentrale strøk, skriv journalist Halvor Torgersrud i denne artikkelen. I desse dagar skal politikarane i Innlandet ta stilling til om Eidsiva Energi og Oslo-selskapet Hafslund E-co AS skal bli eitt.
Foto: Ketil Sandviken.

Innlandet bør ha blødd ifrå seg, for mye over halvparten av den krafta som blir til i i Hedmark og Oppland er alt gått til Oslo og andre sentrale strøk, skriv journalist Halvor Torgersrud i denne artikkelen. I desse dagar skal politikarane i Innlandet ta stilling til om Eidsiva Energi og Oslo-selskapet Hafslund E-co AS skal bli eitt. Foto: Ketil Sandviken.

Artikkelen er over 1 år gammel

Å få rift i fingeren går greitt. Kronisk bløding er verre. For da snakkar vi sjukeleie med bleike blomar på nattbordet.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det kan skje med deg og meg. Og det kan skje med byen vår og deler av det nye innlandet vårt, tenkjer mange. Om vi set det litt på spissen. Og det bør vi gjere frå tid til annan.

Denne artikkelen skal naturleg vis ikkje handle om blomar og blod. Og kanskje tykkjer du samanlikninga er litt søkt. Men følg med, så vil du forstå. For i møte med eit skjebnetungt sakskompleks, der det handlar om korleis Innlandsfylka har forvalta kraftressursane sine inntil no, og korleis dei skal stelle seg heretter, fell det lett å gripe til anatomien. Berre for å forklare.

For det er naturleg vis ikkje blod som opptek oss, men meir det å blø, eller rettare sagt miste krafta si. Det politikarane våre skal bale med i vekene som kjem, er korleis dei skal forvalte dei enorme verdiane dette distriktet sit på. Korleis dei skal handtere kraftressursane våre. Organisere selskap og leiing og finne ut kven ein skal samarbeide med. Eller om ein skal samarbeide. Mange er nok litt i stuss før dei går i kommunestyremøte eller på fylkesting for å røyste i dagane som kjem. Dei spør seg kva som må til for å sikre at verdiane ikkje kverv bort, men at dei kjem til nytte for oss som bur her. Spesielt no, når leiinga i Eidsiva Energi AS ber om få gå saman med Oslobaserte Hafslund E-co AS, skapar dette ei viss uro.

For ikkje berre handlar dette om at det skal vera straum i panelomnane våre. Og leselys nok. Det er det minste problemet. Utfordringa er korleis vi skal få det til slik at dei verdiane vi framleis rår over i Hedmark og Oppland, skal sikre varige arbeidsplassar. Gje utbytte til det offentlege og slik sett styrke skulane og eldreomsorga vår. Vasskrafta spring ut frå vår felles natur. Våre fjell og vår grunn. Og da tenkjer mange at det er rett og rimeleg at vi rår over det sjølve og ikkje let milliardane flyte med straumen forbi Minnesund til Oslo. Utan at det ligg att stort der verdiane kjem ifrå.

Biletet er meir komplisert enn som så, naturlegvis. Lovverket stort. Vasskrafthistoria vår fortel om samarbeid og tautrekking. Fatale feilgrep og suksess. Men det er altså dagens innretning som er temaet når Eidsiva-direktør Øystein Andresen på Hamar reiser rundt og fortel korleis han ser for seg framtida for det selskapet han leier. Som i dag har tusen tilsette. Andresen argumenterer for at det offentleg eigde Eidsiva Energi AS skal gå saman med det Oslo-baserte energiselskapet. Og bli eitt,  på eit vis. Fort.

Kva dette har med bløding å gjere, skal du snart få høyre om.

Men fyrst er det nødvendig å snakke om tal. Oppland og Hedmark har nesten 60 kraftverk. Under bakken ligg det turbinar og breie gater, der vatnet fossar ned frå bratte fjell. Enorme verdiar blir til. På ei elles litt tungpusta jord, er energien vår den mest ettertrakta du kan finne. Samla sett produserer kraftanlegga i Innlandet 8 Terrawatt timar i året. Det er meir enn nok straum til alle husstandane i Oslo og Trondheim. Og vel så det. Verdien av produksjonen i den evigvarande pengemaskina som kverner under føtene våre, er svimlande 3 milliardar i året.

Ikkje sjeldan høyrer vi festtaler frå politikarar, ja pressa for den del, om den store innlandsformua. Om fastlandet sine «oljeinntekter». Og godt er det at dei snakkar slik. For det er sant. Det dei sjeldan seier, er at historia om Oppland og Hedmark sine val og disposisjonar innan kraftproduksjon er til å gråte av. Spesielt i starten.

Og no er det tid for å finne gassbind.

Den fyrste blødinga i Oppland kom då Nedre Vinstra vart bygt rett etter krigen. Sjølve indrefileten. Mykje kraft enkelt å bygge ut. Deretter skjedde utbyggingane slag i slag. Dei nasjonale strategane frå Oslo og Grenlandsdistriktet sat i førarsetet. Tok langt på veg kontrollen og gevinsten. Før våre bønder i Valdres og Gudbrandsdalen hadde tatt fjøsstellet, var dei mest lønsame kraftprosjekta i Oppland bygde ut. Av den samla krafta som blir produsert i Innlandet i dag, eig Eidsiva, eller vi, berre godt under halvparten, det vil seie ca 3,5 terrawatt timar.

Det har ikkje mangla på dramatikk. Da folket vårt fekk på seg fillene og etablerte sitt eige energiselskap på 80-talet, enda dei opp med å bygge ut Dokka fordi dei ikkje var samde om korleis dei skulle rigge seg til i Breheimen. Det var innlandsstrategen Ola Dahl sitt verk. Sett i ettertid, var prosjektet ei skandale. Med ny energilov i 1991, hadde ikkje selskapet kjøparar til straumen fordi produksjonsprisen vart altfor høg. Innføringa av marknadsbasert prissetting skjedde over natta, med Sp-statsråd Eivind Reiten ved spakane. Dette kom brått på. Dermed vart det akutt behov for kapital, og Oslo kom inn på eigarsida. Hafslund E-co AS no over 60 prosent her også. Etter at prestisjeprosjektet, som skulle gjera husmennene til sjølveigarar, havarerte.

I dag det store temaet om Eidsiva Energi skal gå saman med nettopp Oslo-giganten Hafslund E-co AS, der Aleksandra Beck Gjørv, tidlegare styreleiar i Eidsiva Energi, sit ved enden av styrebordet. I lag med Hafslund, som allereie tappar uhorveleg mykje straum frå innlandet, er Eidsiva ein nokså beskjeden aktør som eig berre med 20 prosent av produksjonen inn i den nye energigiganten som er under stifting.

Men Eidsiva har eit selskap, Eidsiva Vannkraft AS med teknisk og strategisk kompetanse som driftar alle kraftverka i Innlandet frå lokala sine i Nordre Ål i Lillehammer. Eidsiva eig ikkje mange kraftverk sjølv. Dei fleste eig dei saman med andre, med Hafslund E-co AS for det meste, direkte og indirekte. Selskapet har 160 tilsette. Inntil nyleg har Oddleiv Sæle vore administrerande direktør. Han bur i Vårsetergrenda. Om det går som forventa skal den nye sjefen med stab sitje i Oslo. Det meste av arbeidsfolket blir i Lillehammer. Miljøet her skal takast vare på og utviklast vidare, blir det sagt. Det betyr at arbeidsfolk med gule vestar skal få halde fram i Nordre Ål og ikkje treng frykte for arbeidsplassane sine. På Hamar skal Eidsiva Nett, med nærmare ein million nettkundar frå Oslo i sør til Engerdal i nord, ha sin base. Med toppleiing og full stab.

Elles skal produksjonsselskapet Hafslund Energi ha basen sin på Skøyen i Oslo.

Nokon vil meine at vi held fram med å blø om vi følgjer rådet frå kraftstrategane. Andre hevdar at vi har blødd ifrå oss forlengst og at såret vil gro. Og at fusjonen tvert imot sikrar det vi sit att med av verdiar. Men det vil uansett vera lurt å ta eit steg til sides. Og kanskje bla litt i historia. Kanskje bør våre folkevalde smake på Knut Hamsun sine ord også. Lesa det han formulerte om den energien som til og med trumfar vasskrafta. Og som held verda i hop når det kjem til stykket.

«Og kjærleiken vart verdas opphav og verdas herskar; men alle dens vegar er fulle av blomster og blod, blomster og blod.”

Skreiv han som var født ikkje langt unna Tessa kraftverk. Der eventyret starta i 1942. Energi i kablar er vel noko anna enn det Hamsun skriv om. Elles må vel det steinete Mogop-fylket vårt snart ha blødd ifrå seg.

Artikkeltags