For to-tre år sidan skreiv eg om ei husfluge som eg til slutt greidde å røre ved utan at ho flaug sin veg. Nå i august da eg var undervegs på toget frå Lillehammer til Bodø på eit Hamsun-seminar, møtte eg ei anna fasinerande fluge. Det var på Dovrefjell at ho fann fram til sitjeplassane mine. På grunn av koronaen hadde eg fått både sete nr. 145 og 146. Det var viktig å halde seg unna folk. Mot ei fluge var det derimot ingen restriksjonar. Det skjønte både eg og fluga med det same.

Eg slutta å lesa i seminarprogrammet. Eg heldt det likevel mellom hendene mens eg intenst følgde med på framferda til fluga. Ho gjekk – eller kanskje heller sprang – på ein annan måte på papiret enn på fingrane og hendene mine. På papiret sprang ho fortare. Ho for i sikksakk og hit og dit. Eg kunne aldri veta kva retning ho ville ta. Ho hadde jamleg korte pausar som vara berre eit tusendels sekund. Eg måtte vera ekstra konsentrert for i det heile å registrere dei. Ho hadde meir ro over seg når ho oppheldt seg på hendene mine. Pausane var lenger. Det hendte at ho tok seg tid til å gni enten frambeina eller bakbeina imot kvarandre. Det midtre beinparet fekk aldri prøve seg på noko slikt. Spesielt underleg var det at eg ikkje kjende i det heile tatt at fluga gjekk på dei to ytre ledda på fingrane mine. Eg kjende alltid når ho oppheldt seg på dei tredje og indre ledda og også på handbakane. Der fann eg ut at det var litt hårvekst som måtte gjera meg meir kjenslevar. Eg hadde vorte mindre forundra om det hadde vore omvendt. (Tommeltottane er noko for seg sjølve. Så dei held eg utanom. Tredje leddet på tommeltottane utgjer på ein måte ein del av handbakane.) Det hende også at fluga tok ein tur oppover armane mine. Der var eg for langloe til at ho treivst.

Alle einslege på toget fekk to seter. Fluga brydde seg ikkje det minste om dei andre. Ho var storfornøgd med det lykkesalege funnet av meg. Det var også eg. Fluga var i lag med meg heilt til vi kom til Heimdal. Ho tok ikkje noko farvel. Ho berre vart borte utan at eg greidde å observere kvar ho drog.

Eg har hatt mange fine samtaler med folk under togreiser. Nå hadde koronaen bytta folk ut med ei fluge. Det kjendest inderleg godt å bli så heilhjarta akseptert av eit slikt lite vesen.

Eg opplevde dette tre dagar før eg fylte 87 år. Trass i alle plager som vanleg følgjer ein høg alder, finst det ljospunkt som kan gjera ein så utruleg takknemleg.

Ole Bjerke, Lillehammer