Gå til sidens hovedinnhold

Eit bomskot å bruke ein kronhjort for å illustrere bukkerittet hans Peer Gynt

Artikkelen er over 2 år gammel

lesarinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Dei siste dagane er vi godt og vel orienterte om kunstverket som har kome opp på kommunehusveggen på Vinstra. Vi har fått veta at det er Visit Oslo i samarbeid med Innovasjon Norge og reklamebyrået Bleed som står bak prosjektet – og at dei profilerer opplegget ved å vise til Peer Gynt og bukkerittet. Sjølv Henrik Ibsen fekk lov å vera med på seansen i heisekrana, er det likt til – da hans litterære bukkeritt på reinsryggen skulle illustrerast – med ein prektig kronhjort!


Dette er på nippet til å vera i overkant morosamt på den eine sida – på den andre må det seiast å vera noko leitt.


Det estetiske og kunstnariske ved tiltaket har ingen relevans i denne samanhengen – bukken er flott nok, den. Men å presentere ein kronhjort for å illustrere bukkerittet hans Peer Gynt – og vise til at det er «å gjenspeile vinterlivet i dette området» (slik Martin Whatson er sitert i GD)» er vel eit bomskot litt langt utanfor innartiaren.


Kanskje er det einkvan som hadde hatt godt av litt ekstraundervisning i litteraturhistorisk bakgrunnskunnskap og grunnleggjande zoologi her?