Gå til sidens hovedinnhold

Eit trist og synleg bevis på ein feilslått landbrukspolitikk

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Per Einar Brandstad får ikkje dele frå husa på gardsbruket han kjøpte som tilleggsjord i 2016. Eg er ikkje ute etter å «hengje» Brandstad, som etter mitt syn har handla utifrå den gale landbrukspolitikken som har vore ført dei seinare år.

«Færre, men sterkare». «Dei som satsar». «Vi skal produsere mykje mat», sa Listhaug i 2014, og opna slusene for stordrift. Rådgjevarar, Innovasjon Norge og diverre mange lokalpolitikare,

kasta seg med i dansen. Bygg stort og sats på at naboen gjev opp. Altså ei planlagt kannibalisme blant bønder.

Nå er det bondeopprør, også blant desse som «har satsa». Dei tener ikkje betre enn dei mindre, og Brandstad har vel det same problemet som mange andre, -stor gjeld. Samstundes saknar mange kollegaer.

Så her er det kanskje fleire som møter seg sjølv i døra? Det var interesse for å kjøpe Pålsøygard i 2016, og å drive det som eit eige gardsbruk. Som ville vore med på å styrkje gardsmiljøet i kommunen. Men nei da, lokalpolitikken ville ikkje det. Fleirtal for å selja ein ganske bra landbrukseigedom med hus som tilleggsjord. På ymse vilkår, som nå mange meiner berre kan kastas over bord.

Kva vil vi med landbruket? Vi veit kva Listhaug, Erna og co., og diverre mange andre, vil. Dei vil ha store fjøs med unaturleg høgtytande kyr, som i beste fall har nokre få mål grøntareal å lufte seg på. Der rasjonen elles er hausta gras året rundt og kraftfor med soya frå Brasil. Der budeia ofte er ein utanlandsk arbeidar.

Enn om Pålsøygard hadde fått vore eit eige gardsbruk? Der kanskje seterdrifta hadde vorte teke opp att? Det er fleire enn «bakstrevaren» meg som tek til orde for det. Der vi hadde fått eit rikare landbruksmiljø. For det finst andre vegar som «fører til Rom».

Venstre sin kandidat, Jo Are Aa Brænden, meiner i motsetning til meg, at å leggje til rette for større eigedomar er berekraftig jordbrukspolitikk. Er det berekraftig at ein gard skal få kjøpe ein annan gard i ganske stor avstand frå hovudbølet, som tilleggsjord? Der det kunne vore ein bonde til i bygda?

At Brandstad kan kjenne seg forskjellshandsama, er forståeleg når andre har fått gjort tilsvarande i Ringebu kommune. Men både han og politikarane som avgjorde saka i 2016, visste på kva slags vilkår han fekk konsesjon. Så må dei som er med på å avgjera slike saker, tenkje grundig over kva vi vil med landbruk og bygdemiljø.

Husa på Pålsøygard, kan bli ståande å forfalle som eit trist og synleg bevis på ein feilslått landbrukspolitikk.

Fride Gunn Rudi, Ringebu